Hopp til innhold

Turisttrafikk mot ny topp på Tindevegen

Juli toppa listene for trafikk på den vakre ruta mellom Årdal og Turtagrø.

Tindevegen

POPULÆR: Mange nyttar ruta mellom Årdal og Turtagrø når dei køyrer mellom Bergen og Trondheim. Andre tek turen for å nyte utsikta.

Foto: Frank Eldegard

I 2016 gjorde trafikken på ruta eit kjempehopp i høve til tidlegare år. Tala for juli syner at dette året vil føye seg inn i selskapet på toppen av lista.

– Det var fleire grunnar til den gode trafikken i fjor, blant anna valutakursen. Så me var spente på om dette året ville innfri like mykje, seier Frank Eldegard som er styreleiar for den naturskjøne vegen.

Dårleg start

I mai og juni såg det ikkje ut som at inneverande år skulle slå nokre rekordar.

– Me hadde litt nedgang både i mai og juni, så det såg litt dårleg ut. Men juli har vore kjempegod. Det har passert tusen fleire bilar enn same månad i fjor, fortel Frank Eldegard.

For å slå fjoråret må dei opp i over 40 000 passeringar på vegen.

– No er me à jour med rekordåret i fjor. Så det kan bli ny rekord.

Frank Eldegard, Tindevegen

STYRELEIAR: Frank Eldegard er særs nøgd med den store trafikken på Tindevegen i juli.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mange nordmenn

Det har vore ei kraftig auke i talet på nordmenn som reiser i eige land den første delen av dette året.

Nordmenn er også dei Frank Eldegard ser flest av på vegen til Jotunheimen.

– Mange fartar rundt i nærområdet sitt. Ruta er også mykje brukt mellom Bergen og Trondheim. Eg har også kjensla av at mange brukar den når dei er på ferie i Norge, seier Eldegard.

I tillegg er det ser han mykje til asiatar i leigebilar. Spesielt kinesarar er ei folkegruppe som har lagt sin elsk på Norge som ferieland i år.

– Dessutan er det masse andre skandinavar, og nederlendarar likar veldig godt å køyre i fjellheimen.

Hausten må også innfri om Tindevegen skal tikke inn eit nytt rekordår. Styreleiaren er ikkje hundre prosent sikker på at det held til mål.

– Me har ein del inngrep me må gjere på vegen i haust, som kan redusere trafikken noko. Men det kan hende me får rekord likevel. Me får sjå.