NRK Meny
Normal

Turistskatt kan betale for fellesgoder

Turistane betalar skatt i New York - kvifor kan ikkje turistane i Norge gjere det same? spør Kristian Jørgensen i Fjord-Norge.

Tyske turistar ved Oldevatnet i Stryn kommune.

SKAL DEI BETALE SKATT? Tyske bussturistar et medbrakt mat ved Oldevatnet i Nordfjord. Bør dei betale ein ekstra slant på hotella for å finansiere t.d. toalett?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fleire aktørar innan reiselivet peikar på behovet for å finne ein måte å finansiere fellesgoder og felles investeringar på.

I dag vert fellesgoder som turstiar, offentlege toalett og skilting finansiert ved hjelp av dugnad og med private, kommunale og statlege kroner.

Å innføre ein turistskatt i Norge kan vere ei løysing, seier direktør Kristian Jørgensen i Fjord-Norge.

– Eg synest ikkje det er vanskeleg. Andre land har klart det, kvifor skal ikkje vi klare det? Vi gjer det vanskeleg fordi vi ikkje er viljuge til å ta dei grepa som skal til, anten å innføre ei form for skatt, eller å gje nok tilskot til å kunne handtere det over statsbudsjettet.

Kristian Jørgensen

– IKKJE VANSKELEG: Direktør Kristian Jørgensen i Fjord-Norge.

Foto: Ketil Jordan/NRK

– Åtte ulike småskattar i New York

Sjekka du hotellrekninga di sist du var i utlandet? Såg du eit beløp på kvitteringa du ikkje var heilt sikker på kva er? Mange land har innført ein såkalla turistskatt - inntekter som ofte vert brukte til å bygge og drive fellesgoder som toalett, turstiar og marknadsføring.

– Berre i New York har du om lag åtte ulike småskattar som kjem under hotellrekninga di. Desse pengane går til å utvikle reiselivet totalt sett. Kvifor kan ikkje Norge også ta nokre inntekter som gjer at vi kan reinvestere dei i eit sterkare reiseliv, spør Jørgensen.

Framtida og dermed også finansieringa av reiselivsnæringa vart diskutert i Loen denne veka. Næringsminister Monica Mæland er på rundreise. Ei stortingmelding om reiselivet er på trappene, og ei av utfordringane Mæland fekk presentert var kven skal betale for det som alle har bruk for og alle nyt godt av.

Ståle Brandshaug i Flåm

– SMÅ SUMMAR: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Fem kroner ekstra på hotellrekninga

Leiar Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord meiner ein turistskatt kan vere ein måte å få inn pengar til t.d. turstiar og toalett. Men korleis vil ein ekstra skatt bli motteken av turistar i eit allereie dyrt ferieland som Norge?

– Eg trur ikkje det vil spele så mykje inn. Ser du på døme frå byar i Europa og USA som har slik skatt så handlar det om svært små summar, kanskje fem kroner ekstra per natt på ei hotellrekning, seier Brandshaug.

Med fleire turistar aukar behovet for pengar til vedlikehald og tilrettelegging. Om kven som skal ta rekninga seier Næringsminister Monica Mæland:

– Det blir ein viktig debatt kva skattebetalarane skal betale via Staten, fylkeskommunane og kommunane, og kva næringslivet sjølv skal levere. Eg ser at t.d.reiselivet har spesielle utfordringar som krev spesielle reglar og rammevilkår.

Preikestolen

TRENG TOALETT: Dei mange turistane som kjem til Preikestolen gjer at det er stort behov for toalett.

Foto: Skjermdump Google

Preikestolen - suksess og fiasko

Besøksauken til Preikestolen i Rogaland er ein stor suksess og fiasko, sa Kristian Jørgensen i Fjord Norge. Han brukte besøksauken der som eit døme på behovet for å finne ei finansiering av fellesgoder.

– På eitt eller anna tidspunkt kjem du til eit punkt der det blir heilt prekært. Du kan bruke dugnadsånd og velvilje eit stykke på veg. Men på Preikestolen nærmar du deg 300.000 gjester, og dei treng toalett.

Og kven som skal finansiere dei og liknande tiltak vert truleg eitt tema stortingsmeldinga må ta opp.

– Det offentlege må skjere ned på kostnadene sine på sikt. Det betyr at vi må finne andre måtar å finansiere dette på. Då må vi syte for at meir av dei pengane turistane legg att blir brukte til å bygge produktet, også fellesgodene, seier Jørgensen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote