The Fjords er ei utviding av sesongen for tre turistbåtruter, Bergen - Flåm, Fjærlandsferja og ferja på Nærøyfjorden. Rutene startar 1. mai og går fram til 30. september, og det er to veker i kvar ende av sesongen som utgjer The Fjords-prosjektet.
The Fjords er eit spleiselag, og enno ber det seg ikkje sjølv. Det gjer det ikkje før om fem-seks år, trur direktør Stig Kristoffersen i Fjord1 Fylkesbaatane. Men med 10.000 passasjerar i dei såkalla skuldersesongane neste år, utgjer det ei verdiskaping på 45 millionar kroner for dei som får desse turistane på besøk.
Passasjerauke
Og dagruta Bergen-Flåm og ferja på Nærøyfjorden hadde nær 15 prosent over det budsjetterte dei to første vekene i mai i år. Elles hadde snøggbåten Bergen-Sogn ein passasjerauke på heile 24,4 prosent i mai i år samanlikna med fjoråret. Snøggbåten Nordfjord-Bergen auka 3,5 prosent, medan den speglvende ruta Bergen-Nordfjord hadde same passasjertal som i fjor.