Hopp til innhold

Turistbussar nektar å køyre her

Turistbussar trugar med å slutte å køyre strekninga Olden-Innvik på riksveg 60. Hotelldirektør set no sin lit til samferdsleministeren.

Frå riksveg 60 Olden-Innvik
Foto: MMS-foto:Torbjørn Fardal / NRK

- Eg er redd vi kjem til å miste kunder dersom vegen ikkje vert utbetra, seier Richard Grov, hotelldirektør ved Alexandra Hotell i Loen.

Grov seier vegen mellom Olden og Innvik er så dårleg at sjåførane til turistbussane kvir seg for å køyre der.

Stoggar utviklinga

- Vegen burde vore utbetra for mange år sidan. Men her står vi med ein krøtersti. Den stoggar trafikken og stoggar ei økonomisk utvikling. Og det er ingen god situasjon, seier Grov.

Han merkar at turistbussar vel å legge om reiseruta for å slippe å køyre vegen mellom Olden og Innvik.

- Vi ser at turar vert lagt til andre stader, anten nord for oss eller sør for oss.

Ber til Navarsete

I dag kjem samferdsleminister Liv Signe Navarsete for å sjå på den omstridde vegstrekninga. Direktør i FjordNorge, Terje Devold, håpar ho forstår kor alvorleg situasjonen er for både trafikantane og turistnæringa.

 - Ver så snill, finn ei løysing, er Devold si bøn til ministeren.

- Viss vi no på grunn av vegkvaliteten opplev at dei store operatørane legg om reiseruta si, då renn pengane veldig fort ut for reiselivsnæringa, seier Devold.