Prosjektleiar Heidi Hauge fortel at prosjektet går ut på å få flest mogeleg passasjerar i første del av mai og siste del av september - med andre ord å utvide dagens turistsesong. I år hadde ekspressbåten Flåm-Bergen, ferja på Fjærlandsfjorden og ferja mellom Gudvangen, Kaupanger og Lærdal knapt 8.000 passasjerar. Målet neste år er 9.000.
Ikkje overskot enno
Trass i at dette liknar på ein gryande suksess - så er det likevel langt fram før vi snakkar om eit overskotsprosjekt. Hauge reknar med at dei må opp i 15.000 passasjerar for å gå i pluss.