Trass tydelege fareskilt og åtvaringar tek mange turistar store sjansar, og set liv og helse på spel ved å gå opp på breen utan utstyr. Breføraren må kvar veke hente og jage turistar ned frå breen.
Tydeleg skilta
Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn har i år sett ut nye fareskilt som ho meiner ein ikkje kan ta feil av. Dei er på tre språk, og har tydelege teikningar. Utover å skilte faren kan ein gjere lite, seier ho. Lova om fri ferdsel i utmark gjeld også på breane.