Hopp til innhold

Lovar bot og betring etter dritt-sommaren i fjor - men det kjem ingen nye toalett

I fjor sommar flaut skiten på og utanfor mange toalett langs norske vegar. Heller ikkje i år blir det fleire dassar, men vegvesenet lovar å gjere sitt beste for å halde dei som finst reine og opne.

Dopapir i området ved Supphellebreen

SKIT I NATUREN: I området ved Supphellebreen i Fjærland gjorde turistar sitt "fornødne" ute i grøfta.

Foto: Silje Guddal / NRK

I fjor sommar opplevde mange turistar enten stengde toalett eller sprengt kapasitet på ulike destinasjonar. Pågangen var så stor under turistsesongen at toaletta gjekk tette og søppelet flaut.

Tal på toalett vil ikkje auke i sommar, men Vegvesenet har gått inn med tiltak.

– Fleire av toaletta har fått sterkare pumper for å hindre at det går tett. Er uhellet først ute, så skal vi i år vere kjapt ute med å sette opp festivaltoalett, seier Eivind Yttri, som er seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Ved Stegastein, på den Nasjonale turistvegen Aurlandsfjellet, var turistane skaka over toaletttilhøva. Etter kvart som sommaren gjekk, kom fleire grelle døme på kva infrastruktur turistane vert møtt med på sitt Noregs-besøk. Det spektakulære utsynet over vestlandsfjorden blei for nokre øydelagt av stinkande skit og dopapir i naturen.

– Håpet er at vi skal halde ein jamn kapasitet, men det blir nok utfordringar når det er mange som skal bruke toaletta på same tid, seier Yttri.

Eivind Yttri, seksjonsleiar, Statens vegvesen region Vest

INNE I EIT BRA SPOR: Seksjonsleiar i Statens vegvesen Eivind Yttri, seier dei har gjort fleire tiltak for å betre situasjonen for trengde turistar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Busslass med turistar skapar toalett-trøbbel

Stengde og tette toalett førte i fjor til kaos. Nokre stadar måtte turistane gjere frå seg i naturen. Busslastar med trengde turistar gjer det spesielt utfordrande, meiner Yttri.

– Det finst eksempel på turistbussar som ikkje vil at passasjerane skal bruke toaletta på bussen. Då blir det kø når bussane stoggar ved våre toalett.

Statens vegvesen kryssar fingrane for ein sommar utan store toalettproblem langs vegane.

– Vi håpar at det vert betre i sommar med dei tiltaka vi har gjort. Vi er inne på eit bra spor, men det vert utfordrande når fleire turistbussar nyttar toaletta på same tid. Skjer det noko, så skal vi i år vere raskare ute, forsikrar Yttri.

– Vi må yte service

I Lærdal har kommunen opplevd ein veldig vekst i talet besøkande som vil gå den historiske ruta langs Kongevegen. Kulturleiar Magne Grøttebø seier det har vore viktig for dei å byggje ut ein infrastruktur som gjer det mogleg for folk å nyte naturen, utan å bekymre seg for tilgangen på toalett på turen.

– Vi har no sett opp fire toalett langs ruta på Kongevegen, og skal sette opp ytterlegare to til i løpet av sommaren, seier Grøttebø.

Kommunen har samarbeidd tett med Statens vegvesen om utbygginga av toalett langs ruta.

– Vi må jo yte ein service. Det har teke heilt av med turistar som vil gå Kongevegen, og dei forventar å kunne gå på do, iallfall med visse avstandar mellom, seier Grøttebø.

Kongevegen over Filefjell

MANGE BESØKANDE: I fjor fekk Kongevegen over Filefjell EU-kommisjonen sin kulturminnepris innan bevaring. Denne har bidrege til å gjere den historiske vegen mellom Lærdalsøyri til Valdres endå meir populær.

Foto: Sverre Hjørnevik