Turistar isolerte på hytte i Fortunsdalen

Store vassmengder har drege med seg brua. No er vassføringa så stor at det ikkje er mogleg å krysse elva.

Kongsøybrui, Luster

KAN IKKJE KRYSSE: Kongsøybrui har reist med elva. No er ho for stor til å krysse.

Foto: Line Beate Finskud

– Det har kome mykje regn i natt, så det har fløyma over i alle bekker og elver nedover i Fortunsdalen, fortel styrar på Nørdstedalseter turisthytte Maj-Britt Finskud.

Lars Finskud og Maj-Britt Finskud

NI TURISTAR: – Vi har ni turistar her som ikkje kjem seg heim, fortel Maj Britt Finskud som er styrar på turisthytta.

Foto: Rune Fossum

På hytta har dei ni gjestar som ikkje kjem seg ut frå fjellheimen.

– Vi er isolerte. Det er for stor vassføring til at vi kan krysse elva med sekshjulingen vår, seier Finskud.

Midlertidig bru

Kongsøybrui gjekk med i flaumen i oktober i fjor. Hydro har sidan jobba med å byggje ho opp att. Difor var det ei midlertidig bru som rauk med i natt.

Johnny Bruheim ny sjef i Hydro

NESTEN FERDIG MED NY BRU: Kongsøybrui skulle stå ferdig i september, fortel kraftverkssjef i Hydro Sogn, Johnny Bruheim.

Foto: Hydro

– Planen var å vere ferdig i løpet av september, men i natt reiste den nye konstruksjonen og skylte vekk røyra og den midlertidige vegen, seier kraftverkssjef i Hydro Sogn, Johnny Bruheim.

Ei tilsvarande episode skjedde for to veker sidan, fortel Finskud på Nørdstedalseter.

– Då fekk vi retta det opp fort, no når røyra har reist, er det ikkje like enkelt å rette det opp.

Kan ta dagar før brua er på plass

Bruheim fortel at det kan sjå ut som elva kan stabilisere seg i løpet av kvelden, men det er meldt nedbør att i natt. Vassmengda må gå ned før dei får gjort noko, og det vil ta nokre dagar før dei får bruløysinga på plass igjen.

Stor elv

STADIGE PROBLEM: Elva i Fortunsdalen har fløymd over før. Under storflaumen i fjor rauk Kongsøybrui.

Foto: Line Beate Finskud

– Vi må få på plass igjen røyra med helikopter for å halde fram med arbeidet på brua, seier Bruheim.

Dermed er dei på hytta truleg isolerte fram til måndag.

Kongsøybrui, Luster

ISOLERTE: Den midlertidige konstruksjonen av brua reiste med vassmengdene. Det vil ta dagar å få han opp igjen.

Foto: Line Beate Finskud

– Turistane er ute på tur no, men dei rekna med å få kome ut i morgon, så vi må nok ta ein prat når dei kjem tilbake, seier Finskud.

KONGSØYBRUI: Brua over Fortunselvi reiste.