Hopp til innhold

Turistar fekk nærkontakt med hai

– Det gjekk eit gisp gjennom turistane som var på båten. Dei blei imponerte fordi dei fleste aldri har sett noko slikt tidlegare, fortel båtførar Marius Strømmen.

Hai sett i Vågsøy ved Refvik

TETT PÅ: Dei åtte turistane fekk eit imponerande syn då dei var på havrafting. Foto: Marius Strømmen

Fredag ettermiddag køyrde Marius Strømmen ein rib-båt med åtte norske og utanlandske turistar rundt Vågsøya. Dei hadde nettopp vore ved Refviksanden før dei svinga ut ved nokre små strender like ved.

– Der såg vi det vi trudde var to niser, men det viste seg at det var ei brugde. Det blei stor oppstandelse, seier han.

Første gong

Brugde

IKKJE UVANLEG: Forskar Anders Jelmert seier det ikkje er uvanleg at brugda er bær land for å skaffe seg mat.

Foto: Marius Strømmen

Brugda er ein haiart som lever i ganske varme havområde både på den sørlege og nordlege halvkule. Dei kan bli 13 meter lang og veg opp mot 19 tonn, og er den nest største fiskearten som finns.

– Den vi såg var vel rundt tre-fire meter, så eg trur det er eit ungt dyr.

Haien var berre ein meter frå land før den sumde 40–50 meter ut og deretter kom tilbake. Den brydde seg ikkje om båten som var der. Sjølv om Strømmen har køyrd båt i mange år, har han aldri sett brugde i dette området tidlegare.

– Nei, det har eg ikkje, så det var spesielt. Det er første gong eg har sett det så nære land.

Sym med vidopen kjeft

Forskar Anders Jelmert ved Havforskingsinstituttet seier brugda er ein stor haiart som et plankton.

– Den har veldig stor kjeft og sym med den vid open i overflata.

Brugda var vanleg i vårt område tidlegare, men er no sjeldan fordi den blei hardt fiska ned på 60-talet.

– Men no i får ein del rapportar om folk som har sett den. Det er kanskje eit håp om at det blir fleire av den, men veldig vanleg er den ikkje.

– Kan den varme sommaren ført den hit?

– Det kan nok tenkast at vi har fått individ som vanlegvis held til lenger sør og som no er på næringssøk langs norskekysten.

Brugde

IKKJE FARLEG: Brugda er ein bruskfisk. Den har ikkje den fryktinngytande tanngarden som mange andre haiar har.

Foto: Marius Strømmen

Folk bør vere merksame

Han seier at brugda som blei sett i Vågsøy er eit ungt dyr og at dei vanlegvis blir seks-åtte meter som vaksne. Men sjølv om dette er den nest største fiskearten som finns, er den altså ikkje farleg.

– Den er ikkje farleg for menneske og større dyr slik som andre haiartar er. Men brugda held seg i overflata. Om du kjem køyrande med ein hurtiggåande båt eller vasskuter, så kan både haien og du bli skadd om det blir ein samanstøyt.

– Så dei som badar treng ikkje uroe seg?

– Nei, det er ingen fare for dei som badar. Brugda har heller ingen store tenner å bite med, så det er ingen direkte fare for badande.