Hopp til innhold

Turistar blir straffa for rekordsommar i fjor

For første gang må Jostedalen breførarlag avlyse dei populære familieturane på Nigardsbreen.

Nigardsbreen

KUTTAR: Det blir ikkje noko av dei tradisjonsrike familieturane på Nigardsbreen. – Vi gjer ei ny vurdering når sesongen er slutt utpå hausten, og til neste vår, når vi veit meir om korleis fronten har utvikla seg, seier Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag.

Foto: Christopher Michel / Flickr/(CC BY-NC 2.0)

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Sidan debutsesongen 1967 har kring 100.000 nytta seg av lågterskeltilbodet for å møte blåisen.

Etter ein utfordrande sesong i fjor , blir det ikkje noko familietur i år.

– Slik forholda er no, så er det vanskeleg å arrangere familieturen på ein trygg og god måte. Isforholda i fronten er vanskelege, og ein må langt og høgt opp i fjellsida før ein kan komme inn på isen, seier Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag.

Tradisjonsrik

Steinar Bruheim

MYKJE ARBEID: Steinar Bruheim i breførarlaget seier at det blir for krevjande å lage ei trygg familierute på Nigardsbreen i år. – Det krevst mykje tilrettelegging, hogging av is og boring av stakar. Ein må også gå langt og høgt for å komme inn, seier han.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Breføraren har eigentleg sett det kome, og grunna uvissa har ikkje laget ein gang opna for bestilling av den populære turen. Familieturen er eit tilbod der folk flest kan få nærkontakt med ein av dei største breane i fastlands-Europa.

I fjor vart aldersgrensa heva frå seks til åtte år på den kring tre timar lange familieturen, og ruta måtte leggast om. I år blir den ikkje noko av.

– Vi skulle gjerne arrangert familieturen i år også. Den har vore populær for både familiar og grupper, seier Bruheim.

Skuffa turistar

Bruheim presiserer at breførarlaget likevel har eit tilbod til familiar med barn over åtte år.

Trygve Snøtun

SPESIELT: Dagleg leiar i Breheimsenteret, Trygve Snøtun, seier det blir litt spesielt å gå ein sesong i møte utan familieturen. – Den var utgangspunktet for guidinga på Nigardsbreen, seier han.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Desse turane er noko lengre, og best eigna for born i god form og med turerfaring.

– Familieturen har vore med frå starten, så det er litt spesielt at den ikkje er her. Det som var så fint med turen, er at turistane kunne komme og gå rett på breen, seier dagleg leiar ved Breheimsenteret, Trygve Snøtun.

– Vi har hatt fleire som tidlegare har gått turen, og som no vil ta familien sin med. Dei blir litt leie seg, men dei forstår når vi forklarer kvifor turane er avlyste, legg han til.

80 meter tilbake i fjor

For brefronten har trekt seg tilbake mange meter siste åra. I løpet av den varme og tørre sommaren i fjor, trekte brefronten seg tilbake 80 meter . Det er rekord for ein sesong.

– Auka bresmeltinga gjennom fleire år er den eigentlege årsaka til at det er så vanskeleg å få til familieruta siste åra, seier Bruheim.

Han er usikker på om familieturen for godt har gått inn i historiebøkene.

– Det avheng av korleis sommaren blir med smelting, om breen trekkjer seg meir tilbake og ikkje minst korleis fjellgrunnen ser ut under isen. Er det framleis bratt slik at breen sprekkjer opp, eller flater det ut slik at det blir lettar å ta seg inn på isen, seier Bruheim.

– Så langt har sommaren vore vêrmessig god for Nigardsbreen. Det har vore kjølig og ein del snø på platået. Vi har ikkje sett den smeltinga som i fjor i front, avsluttar han.