Hopp til innhold

Turistane vil ikkje ha vindmøller

Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking.

Mange har svart at Stad vil vere uaktuelt som reisemål om det kjem vindmøller.

Også på Kråkenes, der det er vindmøllene på Mehuken står i nabolaget, er mange turistar skeptiske.

- Skremmande

Thomas Bickhardt som er kafevert på Kråkenes fyr er kraftig uroa etter å ha sett undersøkinga.

- Det mest skremmande for meg er at 18 prosent av alle turistar seier det er uaktuelt å bruke dette som reisemål viss det kjem fleire vindmøller. Det er ikkje mange i næringa som toler ein så stor nedgang i trafikken.

Har fått avbestillingar

Undersøkinga viser at mange turistar er svært negative til vindmøllene. No fryktar han at planlagde utbyggingar på Stadlandet og på Mehuken ved Kråkenes skal øydeleggje heilt for turistnæringa i ytre Nordfjord.

Bickhardt fortel at han sjølv opplever at turistane har eit negativt inntrykk av vindmøllene når dei kjem til kafeen

- Vi har fått avbestillingar. Turistane seier at dei ikkje reiser hit for å sjå vindmøller sidan dei har slikt heime.

Vil byggje fleire møller

Vestavind kraft, som har Sogn og Fjordane Energi (SFE) som ein av eigarane, har søkt om konsesjon for å bygge ti vindmøller på Stadlandet. Møllene skal vere langt større enn dei som står på Mehuken ved Kråkenes.

Også Kvalheim kraft som samarbeidar med Vestavind og som også er eigd av SFE planlegg ytterlegare åtte på Mehuken og ventar på svar på konsesjonsøknaden no.

Har ikkje klare svar

Carlo Aall i Vestlandsforsking seier at undersøkinga nok er for lita til å kunne gi nokon klare svar.

Men no skal Vestlandsforsking i samarbeid med SFE og NHO Reiseliv gjere ei større gransking på korvidt reiseliv og vindmølleparkar kan eksistere side om side. Resultatet blir klart til neste år.