Turistane må forbi vindpark på veg hit: – Nokon vert sjokkert

Turistane som skal til Kråkenes fyr må passere Mehuken vindkraftpark på vegen. – Mange reagerer med sjokk, seier ho som har drive fyret i mange år.

Kråkenes fyr

VINDFULLT: Skal ein besøkje Kråkenes fyr må ein køyre forbi vindturbinane i Mehuken vindkraftpark. Fyret er ein turistattraksjon, mellom anna fordi det er ein av dei mest vindfulle plassane i Noreg.

Foto: Arne Stubhaug

– For alle dei utanlandske gjestane våre var det ei negativ oppleving, heilt klart. Nokon var rett og slett sjokkert, fortel Bettina Bickhardt.

Ho har drive turistattraksjonen Kråkenes Fyr i 21 år. Fyret ligg ytst i havgapet mot Stadhavet og har mange tusen besøkande kvart år, mellom anna fordi det er kjent som landets mest vindfulle plass.

På fjellet like bak fyret vart Mehuken vindkraftpark opna 2001, då var det fem vinturbinar der. I 2010 vart anlegget utvida med åtte nye vindturbinar.

Ifølgje Bickhardt er det mange som kommenterer vinturbinane som dei må passere på veg til Kråkenes Fyr.

Kråkenes fyr

LANG FARTSTID: Bettina Bickhardt har jobba på Kråkenes Fyr i 21 år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Mange gjestar, særleg frå Tyskland og Nederland, synest det er upassande med eit slikt anlegg her ute. Dei har eit bilde av Noreg som eit land med urørt natur og frisk luft, mens vindmøllene er eit symbol på industri, anlegg og produksjon, seier ho.

Meir vindkraft

Måndag denne veka la Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram sitt forslag til ein nasjonal ramme for vindkraft på land.

NVE har peika ut 13 område fordelt over heile landet, som egna for vindkraftutbygging.

Mellom anna reiselivsnæringa på Vestlandet har reagert på forslaget, som dei meiner kan ha ein negativ verknad på reiselivet.

Nordmenn meir positive

– Det blir berre fleire og fleire reisande frå storbyen som ønskjer rekreasjon, då trur eg ein skal vere veldig bevisst på kva ein gjer med naturen og kor ein plasserer industrianlegg som vindkraft, seier Bettina Bickhardt.

Ho har merka at det er stor forskjell på kva norske og utanlandske turistar meiner om vindturbinane på Mehuken.

– Dei norske gjestane er ikkje like negative. Nokon ser på det som ein attraksjon og mange lokale kjem hit og vandrar under vindmøllene, fortel ho.

Vindmølleanlegg, som her på Mehuken i Sogn, blir vanligere i Norge, varsler Regjeringa.

NATURINNGREP: Mehuken vindpark i Vågsøy består av 13 vindturbinar som er 64 og 71 meter høge.

Foto: Magne Sleire / NRK

Vil ha fleire vindturbinar

– Vi har ikkje sett at det har hatt negativ effekt på reiselivet i regionen. Fjellet dei står på er vesentleg meir brukt etter at vindmøllene kom og vi fekk veg opp dit, så eg har sagt at dei er eit folkehelsetiltak, seier ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad.

Vågsøy kommune er ein av kommunane som har gitt positiv tilbakemelding på NVE sitt arbeid og har gitt beskjed om at dei gjerne tek i mot fleire vindkraftanlegg.

– Vi har profilert oss på ein positiv måte med vindmøllene. Eg trur reiseliv og vindturbinar kan gå fint overeins, seier Maurstad.

Olav Rommetveit er administrerande direktør i Zephyr, som driv vindkraftanlegget på Mehuken. Han har ikkje opplevd negativ tilbakemelding frå turistane.

– Vi har drifta Mehuken sidan 2001 og vi er av ei heilt anna oppfatning. Vi opplever at turistane brukar det som turområde og at dei er nysgjerrige på anlegget, seier Rommetveit.