Hopp til innhold

Turistane let seg begeistre av ny farkost i Nærøyfjorden

FLÅM/GUDVANGEN (NRK): I dag fekk dei første turistane oppleve Nærøyfjorden på ein ny måte.

Den nye båten imponerer turistane Helen Garnaas og Leigh Refrow.

IMPONERTE: Vêret synte seg ikkje frå si beste side då Helen Garnaas og Leigh Refrow vitja Nærøyfjorden tysdag, men dei let seg likevel begeistre over båte den nye båten og naturen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

-Det er heilt fabelaktig, eg har aldri sett fossar som dette. Og så elskar eg dei store vindauga på båten, som gjer at ein kan sitte inne og ikkje treng stå ute i regnet, seier Leigh Refrow.

Saman med Helen Garnaas er den amerikanske kvinna i Nærøyfjorden for første gong. Ho nyt ikkje berre synet av den norske naturen, men har også fått vere med på ein av dei første turane til båten "Vision of the fjords". For etter fleire rundar med utsetjingar kunne den ladbare hybridbåten endelege frakte turistar i Sogn tysdag.

"Vision of the fjords" seglar endeleg i rute på Nærøyfjorden.

PÅ PLASS: I dag kunne 'Vision of the fjords' endeleg starte rutetrafikken på Nærøyfjorden i Sogn.

Ute på dekk både regnar og bles det, men inne i salongen, bak dei gjennomgåande store vindauga som pregar båten er det lunt og godt.

– Det er ikkje som å vere om bord i ei ferje, det er ein komfortabel båt å vere på. Her kan ein sitje inne eller vere ute og nyte naturen, seier dei to, som møttest for første gong i USA då Garnaas var au pair for familien Refrow.

ang

STILLE: Benedicte Angel Mæhle seier at ho nesten ikkje høyrer båten

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ser positivt på miljøsatsinga

"Vision of the fjords", som er verdas første hybridskip i karbon, skal i etappar gå lydlaust på elektriske motorar på verdsarvfjorden i Aurland. Båten er bygd av Brødrene Aa i Hyen, og skulle etter planen starte opp i rutetrafikk 1. juni.

– Det er ei fantastisk oppleving. Først og fremst naturen, men også den vakre båten er ei oppleving i seg sjølv. Det kjennest ut som ein fyk gjennom landskapet, og eg høyrer nesten ikkje at eg er på båten ein gong, seier Benedicte Angel Mæhle.

fjorden

STEMNINGSFULT: det var litt skodde i fjorden i dag, men elles opplett.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ho skulle i grunn oppleve fjorden frå ein av ferjene som i lang tid har trafikkert strekninga mellom Flåm og Gudvangen, men då ho såg den nye båten legge til kai ombestemte ho seg raskt og stilte seg i kø for å sikre seg plass.

– Eg er oppteken av estetikk, design og miljøvenlege alternativ, så dette er heilt klart i tråd med min filosofi. Dette er verkeleg ein komfortabel start på vikingtoktet mitt, seier ho og nyt siste minuttane på båten før ho gjer seg klar til vikingmarknad i Gudvangen.