NRK Meny

Turist-nedtur for Fjord1

Selskapet må leggje ned fleire ruter på Vestlandet.

Turistruta på Fjærlandsfjorden

I FARE: Turistruta på Fjærlandsfjorden kan bli lagd ned.

Foto: Eivind Hjellum

Artikkelen er flere år gammel.

Fjord1 klarer ikkje å tene pengar på turistrutene i vestlandske fjordar.

No har konsernstyret i selskapet bestemt seg for å leggje ned fleire ruter. For Sogn og Fjordane betyr det at ruta på Fjærlandsfjorden blir borte frå neste år.

Også i ruta Flåm - Gudvangen kan det bli kutt. På strekninga Lærdal - Kaupanger - Gudvangen vil drifta neste sommar avgrense seg til dei tre sommarmånadene, skriv Bergens Tidende.

- Enorme ringeffektar

- Blir desse kutta gjennomførte, er det ikkje tvil om at vi står overfor ei katastrofe for reiselivet på Vestlandet, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

- Ringeffektane av å miste turistbåtane er enorme, seier reiselivssjef Noralv Distad i Aurland og Lærdal til avisa.

Opnar for å halde fram

I eit brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune skriv direktør Stig Kristoffersen i Fjord1 at dersom andre vil vere med på å finansiere rutene, kan selskapet snu i saka.

Ved Hotel Mundal i Fjærland opnar Bård Husby for at hotellet kan ta over båtdrifta på Fjærlandsfjorden.

- Vi er ikkje framande for å gjere det, seier den daglege leiaren til Sogn Avis.

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.