Hopp til innhold

Måtte berge turist med helikopter

Ein turist måtte i ettermiddag bergast av luftambulansen etter ei fallulukke ved Nigardsbreen.

Luftambulanse Nigardsbreen

LANDA NÆRT: Luftambulansen måtte lande berre nokre meter frå brekanten ved Nigardsbreen.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

– Vi har fått melding om at det er snakk om ein turist som har skada seg. Det er vanskeleg for ambulanse å kome heilt inn til pasienten, så luftambulansen er på veg, opplyste politiet sin operasjonssentral til NRK.

Den skadde låg tett inntil brekanten, og skal ifølgje politiet truleg ha brote beinet.