Turist køyrde utfor og forsvann – dukka opp fleire mil unna

Medan naudetatane leita etter koreanaren som køyrde utfor i Lærdal, låg turisten og sov trygt i Sogndal – fleire mil unna.

Ulukke fylkesveg 243

RETT I GRØFTA: Den koreanske turisten køyrde utfor og kom uskadd frå hendinga. Men politiet vil gjerne snakke med han.

Foto: Jan Christian Jerving

I går kveld klokka 18.35 rykka naudetatane ut til eit trafikkulukke på fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet. Då dei kom fram, fann dei ein bil utfor vegen, delvis hengande i eit tre. Men det var ingen personar å sjå i nærleiken.

Det synte seg raskt at bilen var ein leigebil, men mannen som var registrert som sjåfør var ingen stad å sjå.

– Vi har sjekka med legevakta, og han har ikkje vore der, så alt tyder på at han er uskadd, seier Øvstetun til Sogn Avis i dag.

Og mannen hadde det etter forholda heilt fint. Etter utforkøyringa med leigebilen på turistvegen mellom Aurland og Lærdal, hadde han klart å kome seg til dit han ville. Nemleg saftbygda Sogndal.

Der hadde han bestilt seg overnatting via Airbnb og kunne på eit noko varierande engelsk forklare at bilen stod att utfor autovernet på den smale fjellvegen!

NRK veit at det blei gjort forsøk på å få tak i politiet i løpet av kvelden, men at det på grunn av uvêret som herja Vestlandet var vanskeleg å kome igjennom på vanleg telefon.

– Vi jobbar no med å få tak i han, slik at me kan få hans versjon. Så blir det, slik det ser ut no, ei forsikringssak, seier Øvstetun i politiet til Sogn Avis.

Men i dag reiste ein godt nøgd – og heilt uskadd – koreansk turist vidare på sin noregsferie, i ny leigebil.

Laster Twitter-innhold