Hopp til innhold

Turist-avføring kan gi auka risiko for smittsame dyresjukdomar i Norge

Avføring i naturen og matavfall frå turistar kan føre til at smittsame sjukdomar spreier seg hit til landet.

Ekskrement nær Suppehellebreen

AVFØRING: Det finst fleire tilfeller siste åra, der ein meiner smitte av bakteriar, virus eller parasittar har gått frå menneske til dyr.

Foto: Silje Guddal

Ein av dei som har fått merke konsekvensane av ei meir internasjonal verd, er bonde Ivar Supphellen.

– Garden vart bandlagt, vi fekk ikkje levere dyr til slakt på fleire månader. Barnehagar og skular måtte bli varsla.

Det har gått 10 år sidan den ubehagelege beskjeden frå Mattilsynet, om funn av salmonella på ein av oksane. Ein type salmonella, kjent frå Aust-Europa, som aldri var registrert i Norge. Korleis kunne det skje?

– Ein teori var at smitten hadde kome via ein fugl som hadde hakka på matrestar etter nokre turistar, og etterpå skite på kraftforet som oksen fekk i seg, seier Supphellen.

Garden er nærmaste nabo til turistattraksjonen Supphellebreen.

Auka risiko

I følgje Veterinærinstituttet finst det ingen fullstendig oversikt over omfanget av menneske til dyr-smitte.

– Omfanget er nok større enn vi er klar over, fordi mange tilfeller ikkje vert oppdaga, seier forskar og veterinær Hannah Jørgensen, ved Veterinærinstituttet.

I 2012 og 2016 vart det funne bendelorm, som vi ikkje har i Norge, hos storfe. Truleg var smittekjelda menneske som har oppheldt seg i utlandet.

NRK har tidlegare fortalt om manglande toalett- søppelfasilitetar ved fleire turistattraksjonar. Er dette i nærleiken av husdyrbeite, er det uheldig, meiner Jørgensen.

Hannah Jørgensen

UHELDIG: – Det er mange smittestoff som kan spreie seg frå menneske til dyr med avføring, seier veterinær Hannah Jørgensen.

Foto: Privat

– Det er eit problem. Om det så er turistar, eller nordmenn, så er det veldig uheldig for smittesituasjonen.

Grunn til uro

Norske husdyr er i dag fri for mange, alvorlege sjukdomar ein slit med i andre land, men meir reising aukar risikoen for smitte over landegrenser.

– Auka internasjonalisering er ein kjent risiko og den aukar risikoen for å få inn andre smittestoff, seier førsteamanuensis Maria Stokstad ved Veterinærhøgskolen.

I dag er det strenge restriksjonar på import av levande dyr.

– Den indirekte smitten, at menneske som reiser har med seg smitte, seglar opp som ein større og større risiko jo meir kontakt det er mellom menneske som har hatt husdyrkontakt i andre land og norske husdyr.

– Er det grunn til uro for denne auka risikoen?

– Absolutt, det gjeld både sjukdomar som vi ikkje oppdagar i første omgang, men også kjente, alvorlege virussjukdomar som kan gje heftige utbrot, seier Stokstad.

Afrikansk svinepest

– Ein sjukdom vi er uroa for akkurat no er afrikansk svinepest, seier Jørgensen.

Viruset spreier seg no i Europa og kan gje dramatiske konsekvensar for svineproduksjonen dersom viruset kjem til Norge.

– Det er ikkje usannsynleg at smitten kan bli overført ved matavfall, av kjøttprodukt som folk tek med seg frå utlandet, som vert kasta på beite eller gitt til dyr. Dette er noko vi er uroa for, og merksame på.

Bonden ved Supphellebreen tek no forholdsreglar.

– Vi vurderar heile tida kvar dyra kan beite, i høve kvar turistane held seg, seier Supphellen.