Hopp til innhold

Turisme er dyr hobby i Solund

Sommaren 2012 ser ut til å bli den beste Solund Rorbuferie har hatt. Likevel vurderer eigarane å avvikle. Det er for lite lønsamt.

Solund Rorbuferie i Hjønnevåg

FINT, MEN IKKJE LØNSAMT: Solund Rorbuferie i Hjønnevåg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er for kort sesong til at det går an å tene pengar. Eg brukar å seie at det er ein dyr hobby, seier Sonja Hjønnevåg.

Det seier ho trass i at denne sesongen ser ut til å bli svært bra, ja, den aller beste sidan dei starta i 2007 under namnet Hjønnevåg Camping og Rorbuferie AS .

– Vi har merka stor auke i år, både på meir langsiktige bestillingar og på sporadiske bestillingar. Vi har mest norske familiar, men vi har hatt auke også i talet på tyske turistar.

Ferjepassasjer Daløy-Haldorsneset i Ytre Sula

FOR FÅ FERJETURAR: Denne passajseren på ferja 'Nårasund' mellom Daløy og Haldorsneset er nøgd, men for turistnæringa er det for vanskeleg å kome seg til Ytre Solund.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vanskeleg å kome seg til Ytre Solund

Men denne auken er ikkje nok til at Sonja Hjønnevåg er optimist på lang sikt. Solund Rorbuferie har mange odds mot seg. Mellom anna er det langt frå enkelt for turistane å kome seg til Ytre Solund.

– Det er berre på fredagane vi har sein ferje. Elles i veka er siste korrespondansen ut til oss frå Rysjedalsvika klokka 19 og frå Rutledal 19.20. Det er alt for få ruter, seier Sonja Hjønnevåg.

Steinsund Marinesenter i Solund

FLEIRE NORSKE TURISTAR: Steinsund Marinesenter.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trufaste tyske gjester

Ikkje langt frå kommunesenteret Hardbakke finn vi Steinsund Marinesenter , eigd av ekteparet Doris og Hallstein Steinsund. Dei har og hatt ein god auke i talet på gjester i år, fortel Doris.

Opp mot 70 prosent av gjestene til Steinsund Marinesenter er utanlandske, for det meste tyske. Medan det før var mest fiskeglade tyske kameratgjengar som kom til Solund er det no meir familiar, både frå Tyskland og Austerrike.

– Dei utanlandske gjestene er viktigast fordi dei kjem tidleg, dei er trufaste, enkelte har vore her 10-12 gonger. Dei første kjem i mars-arpil, dei siste i oktober.

Medan dei utanlandske gjestene bestiller lang tid i førevegen, kanskje alt i januar, er dei norske gjestene i Solund av det meir impulsive slaget. Mange ringer torsdag etter å ha sett langtidsvarselet og vil ha overnatting i helga, og av og til hender det at nokre av dei til saman 40 sengene er ledige.

Effekt av postbåten i Solund

Doris Steinsund trur mykje av auken i talet på norske turistar i år kjem på grunn av god Solund-reklame på NRK.

– I år har vi fått veldig mange norske som har kome fordi dei har sett tv-progammet om postbåten i Solund. Har du sett det programmet med flott sommarvêr og vakker natur så er det ikkje vanskeleg å forstå at folk vil hit.

Sonja Hjønnevåg i Solund Rorbuferie har ikkje fått konkrete tilbakemeldingar på at tv-innslaget om postbåten har lokka folk til Solund, men ho ser ikkje vekk frå at det kan ha fått folk til å ynskje seg til dette særeigne øyriket.

– Det var eit veldig flott program, og sjølv om ingen av gjestene har nemnt det spesielt utelukkar eg ikkje at det kan ha hatt ein effekt.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Postbåten i Solund

– Ikkje lett å utvide sesongen

Men sjølv slike program rokkar ikkje ved det som er hovudproblemet for dei som driv med turisme i Solund, den alt for korte sesongen.

– Det ser ikkje ut til at det er lett å utvide sesongen. Vi må ta ei oppsummering når sommaren er over. Blir det ikkje lengre sesongar trur eg vi snart kjem til å avvikle, seier Sonja Hjønnevåg.

Ho meiner at investeringa i dei seks rorbuene likevel ikkje er bortkasta.

– Vi ser ikkje på det som daud kapital. Vi vurderer andre måtar å bruke dei på litt sikt. Vi får sjå - i år har vi iallfall hatt godt belegg på sommaren, hausten er ikkje komen enno, kanskje blir den og bra.

Solund Rorbuferie

NYTT I 2007: Solund Rorbuferie.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Til teneste døgnet rundt

Heller ikkje Steinsund Marinesenter er ei økonomisk gullgruve for eigarane, seier Doris Steinsund.

– Viss du trur du blir rik av dette så tek du feil. Vi må ha gjester frå mars til oktober for å halde tritt med utgiftene. Mannen min og eg driv det utan tilsette, og det inneber at vi står til teneste for gjestene våre heile sommaren, meir eller mindre døgnet rundt.

Likevel synest ho det er verd slitet.

– Ja, det er kjekt å arbeide med menneske. Vi får mykje tilbake, når folk er nøgde og gler seg, når foreldre kan sitte roleg i solstolen medan barna spring i redningsvest rundt om heile anlegget.

Doris, Hallstein og Sofie Steinsund med hunden

VERDT SLITET: Doris Steinsund seier dei ikkje blir rike av å drive marinesenteret, men ho tykkjer det er verdt slitet. Her er ho med Hallstein, Sofie og hunden Twister.

Foto: Privat