Hopp til innhold

Turgruppe stod midt i stien då raset kom

Ei gruppe på 20 menneske var på tur i fjellet ved Framfjorden i Vik då det plutseleg rasa over stien. Turleiar seier dei var heldige som kom frå det utan skader.

Ras i vik 09.06.2017

STEINAR: Stein og jord ramla ned over stien dei gjekk på.

Foto: Privat

– Det small ganske godt. Også såg eg store steinar som ramla ned rett over stien. Og der visste eg at det var folk som gjekk tur, seier Thale Charlotte Halset.

Ho stod nede ved Framfjorden i Vik og kikka oppover fjellsida, då ho plutseleg blei vitne til raset.

Handla raskt

Ei skuleklasse frå Vik var nettopp kommen ned igjen, men Halset visste at det var ei gruppe på om lag 20 menneske på firmatur oppe i fjellet i 13-tida fredag.

– Eg tenkte eg måtte få tak i nokon som var der og finne ut om dei trengde hjelp. Så eg sprang rundt for å finne nokon som kunne ringe dei, seier Halset.

ras, vik 09.juni

DRAMATIKK: Her rasar det rett framfor turgåaren på stien i Vik.

Foto: Privat

Dei fekk raskt kontakt med gruppa som kunne fortelje at ingen hadde komme til skade.

Leiaren for turgruppa seier til NRK at dei hadde folk i stien som både var på veg opp og ned då raset gjekk. Dei hadde visst kva dei skulle gjere og søkte ly mot ei fjellside. Han seier dei var veldig heldige som slapp unna utan skader. Ifølge Thale Charlotte Halset hadde det vore ei utfordring å skulle fått dei ned igjen om nokon trengde hjelp.

– Det er eit ganske utilgjengeleg område og ein ganske bratt sti, så om vi måtte ut å hjelpe hadde vi måtte leite etter nokon med køyretøy som kunne ta seg opp der, seier Halset.

På stien låg det ein del stein, men turgruppa kom seg trygt ned igjen for eigen maskin, opplyser turleiaren.

Ras i Vik

RAS: Her losna det frå fjellsida og rasa ned og over stien.