Hopp til innhold

Frårådd frå å gå – vart sitjande fast

Eit turfølgje på fem personar frå Kuwait måtte vere på Via Ferrata i Loen i heile natt. Skal ha blitt frårådd å gå løypa.

Via Ferrata folk i fjellet

VIA FERRATA i LOEN: Her vart fem turgåarar ståanda fast heile natta.

Foto: Roger Vik

Dei fem turgåarane som torsdag kveld vart sitjande fast 600 meter opp Via Ferrata, skal ifølge Fjordingen ha blitt frårådd å ta seg opp fjellet. Leiar for Loen Active, Erik Brendefur, seier til avisa at dei ikkje kan nekte folk å ta seg opp fjellet.

– Dei var medisinstudentar og verka ikkje særleg fjellvande. Den som tok imot dei hjå oss skal ha åtvara dei, men dei insisterte på å gå. Vi kan ikkje nekte dei det, seier dei til avisa.

Dårleg vegval

Ingen av turistane frå Kuwait var alvorleg skada. Sjølv om luftambulansen var i området, klarte dei fem å ta seg ned saman med redningsgruppa.

– Det var berre mindre skadar, seier Jan Gunnar Hole frå Sunnmøre alpine redningsgruppe til NRK fredag morgon.

Turlaget på fem hadde teke turen på Via Ferrata på eiga hand, utan guide.

– Dei gjorde nok nokre vegval som dei i etterkant ville gjort annleis, seier Hole.

Richard Grov på Hotel Alexandra er medeigar i Loen active som driv klatreruta og leiger ut utstyr. Han fortel at kuwaitarane fekk god informasjon om klatreruta.

– Dette var unge og spreke folk, men dei undervurderte kanskje dei norske fjella, seier han.

Kald natt

– Vi har akkurat kome ned, og fått oss frukost på Hotel Alexandra. Så returnerer vi heim att til Ørsta, seier Hole.

Dei hjelpte til i redningsaksjonen, og Hole kan fortelje at det var ein kald gjeng som var å finne i fjellet i Loen.

– No er dei i god behald. Dei forlét Alexandra for ei lita stund sida, dei skulle heim att og sove.

Tidkrevjande aksjon

– Vi fekk ein alarm rundt klokka 23 ifrå Hovudredningssentralen. Våre folk var oppe med dei nærare halv to i natt. Då hadde dei fem stått der nokre timar, fortel Hole.

Jan Gunnar Hole

KALD OG SVOLTEN GJENG: Jan Gunnar Hole i Sunnmøre alpine redningsgruppe var med å hente ned dei kalde Via Ferrata-brukarane.

Foto: Roger Vik

Og endå lengre skulle det bli. For det var ikkje berre enkelt å få dei fem ned frå Via Ferrata-anlegget.

– Då vi kom opp fekk vi sikra dei, og firt dei ned trinn for trinn. Det var ein tidkrevjande prosess, som gjorde at det vart ei lang natt.