Hopp til innhold

Turgåar kom til rette

Den tsjekkiske mannen som kom bort frå eit turfølgje ved Fanaråken i Luster er komen til rette.

Mannen vart funnen søndag morgon. Då hadde han vore sakna sidan laurdag kveld.

Høyrde rop

Ei gruppe på 43 tsjekkiske turgåarar hadde vore på Fanaråkhytta, og den 51 år gamle mannen kom bort frå turfølgjet på veg tilbake til Turtagrø.

Han vart meldt sakna klokka 20.34 og både luftambulansen og mannskap frå Røde Kors vart sett inn i leitinga. Røde Kors leita heile natta og fann til slutt mannen på nordsida av Illvatnet like før klokka fem søndag morgon. Leitemannskapa kom på sporet av tsjekkaren då dei høyrde rop frå området i rundt klokka to.

Tynnkledd

Mannen var tynnkledd, og ifølgje politiet var det berre ti grader i området. Han vart frakta til sjukehus i luftambulansen med lettare skader.

- Mannen venta ikkje på resten av turfølgjet, men starta nedturen frå hytta åleine, seier operasjonsleiar hos politiet, Stig Inge Hauge, til NTB.