Turfølgje på fem gjekk seg ville ved Nosafjellet

Eit turfølgje måtte laurdag ettermiddag bergast ned etter ein fjelltur i Luster.

NOSAFJELLET: Ligg på 1.484 meter over havet.

– Vi har kontakt med dei på telefon. Følgjet har fått beskjed om å halde seg i ro slik at vi veit kvar vi kan finne dei, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt i 17-tida.

Kolltveit skildra situasjonen som udramatisk.

Eitt par timar seinare var heile følgjet berga ned. To fann vegen ned sjølve ved eiga hjelp, medan tre vart henta ned med redningshelikopter. Ingen av dei fem mennene i alderen 25 til 32 år trengde tilsyn av lege. Dei fem har tilhald i Fortun for natta.

Politiet fekk melding klokka 1546 at følgjet trengde hjelp. Dei var då i terrenget rundt Nausanosi. Tre personar frå Luster Røde Kors tok seg opp mot følgjet til fots.

I tillegg til politipatrulje valde Hovudredningssentralen på Sola å sende redningshelikopteret frå Florø.

– Dei er godt kledde for ein dagstur i fjellet, men ikkje for noko overnatting. Slik eg har forstått det, var det ein kombinasjon av skodde og krevjande forhold i fjellet som gjorde at dei gjekk seg ville, sa Kolltveit.