Bokmelding av Marit Bendz
Dei drep impulsivitet og kreativitet, meiner han. Dessutan må ein ikkje planleggje i hel ei reise. Det er nokre av råda han sjølv følgjer, og som han gir lesaren. Ver nysgjerrig og open, men ikkje dum.
Naustedølen har møtt korrupte politifolk og sleipe drosjesjåførar. Han har møtt kleggar, slike som sug seg fast og attpåtil forlangar betaling for det etterpå. Det har vorte mange festar og mykje alkohol, men aller mest handlar denne boka om møte med ulike menneske.
«198 land» er delt opp i kapittel med titlar som «Turisthelveta på jord», med m.a. Thailand, Maldivane og Barbados. Mange som har vore på desse stadene vil ikkje kjenne seg att. Garfors har sikkert vore i ein annan by. Eller ei anna gate. Han reiser ofte utanfor turiststraumen, der det er lite storslåtte attraksjonar. I staden tek han i mot invitasjonar, han kjem heim til folk. Og han er observant.
Pussige små detaljar er med på å skildre eit land på veg til ein gubbevelde: I Japan sel dei fleire bleier til vaksne enn til ungar.
Det er slike små fragment av land Garfors skildrar, slik han har opplevd det gjennom mat og drikke, naturopplevingar, men aller mest gjennom folk, både innfødde og turistar av ulik kaliber.
Mange møte startar slik:
– Kva gjer du her?
– Eg er turist
– Kvifor er du ikkje på turiststadene, på dei dyre hotella?
– Då ville eg ikkje møtt deg
Enkelte land er ganske stemoderleg skildra. Det er ikkje alltid ein opplever så mykje i løpet av ein kort dag. Likevel klarer han å gjere tre timar på Bahamas til eit finurleg kapittel om grava til Anna Nicole Smith. Eit lite døgn i Niger, der det einaste han såg var innsida på ein politistasjon, vart ei historie det også, før han vart sett på første fly attende til Burkina Faso.
Ein del av dei enkle landa blir rett og slett litt keisame, historiene handlar meir om kompisar på tur, eller med kjærast på tur. Eg mista rekninga på kor mange det har vorte. Ein del av boka heiter «Kjærleik og giftarmål». Det er mange møte med damer. Dei har enda i livslange venskap eller i senga, det har vorte pinleg eller farleg.
Dei beste kapitla omhandlar vanskelege land. Det er ofte ubehaget, redsla og den irriterande kjensla av å ha blitt lurt som vert til dei gode historiene. Dei finn du heller ikkje på luksushotell. Derimot er Couchsurfing, der du kan overnatte gratis på ein framand sofa, eit glimrande utgangspunkt for uventa opplevingar, og for nye vener.
Du kan lese boka frå perm til perm, bla i ho, slå opp i ho, le deg skakk eller irritere deg.
«198 land» er lettlesen og artig. Garfors skriv sprudlande, med korte setningar og eit munnleg språk, utan klisjear og overflødige ord. Men han er litt for glad i garpegenitiv og ordet BOMBE som eit slags utropsteikn.
Det er mange gode tips bak i boka, sjølv for heilt vanlege turistar. Besøk turistattraksjonar grytidleg om morgonen. Ha med sysaker, kopi av pass, porsjonspakkar med vaskepulver og lite kle. Vask i staden. Alt vert så mykje enklare med berre handbagasje. Og for all del; hugs kondom.
Han om det.
Gunnar Garfors: 198 land – Mi reise til alle verdas land
Samlaget