Hopp til innhold

Turbo hoppa på sjøen - eigaren klamrar seg til håpet om at hunden har klart å symje i land

Har du sett Turbo? Matmor Solveig Maria Fosse fortvilar etter at hunden forsvann på sjøen under ein båttur. På Facebook har hundrevis delt etterlysinga etter hunden.

På denne strekningen forsvann "Turbo"
Foto: Privat/NRK-kart

– Det er jo ungen min. Eg blei panisk. Vi leita febrilsk og fekk fleire båtar med på søket, seier Solveig Maria Fosse, som eig hunden.

Fosse var på veg frå Færøykavlen i Flora til Eivindvik saman med ei venninne. Border collien var i kabinen saman med ein annan hund under båtturen.

– Hunden klarte å komme seg ut av kabinen og lurt seg ut under kallesjen. Vi høyrde ikkje ein einaste lyd eller såg noko som helst. Eg trur han hamna i sjøen ved Askvoll, ved spissen av Atløy, seier Fosse.

Det har blitt lite søvn på den desperate hundeeigaren. Spesielt ein tanke plagar ho.

– No er det sånn at ein tenker over alt ein skulle gjort annleis. Hunden hadde ikkje på seg redningsvest for eg tenkte at hunden var trygg i kabinen.

Facebook Turbo

BLIR DELT: Måndag føremiddag var etterlysinga etter hunden Turbo delt over 800 gonger på Facebook.

Hundrevis har engasjert seg

Eit Facebook-innlegg om forsvinninga er i skrivande stund delt nærare åtte hundre gongar og kommentarfeltet fyllast med støtteerklæringar, kritiske spørsmål og debatt.

– Alle som er glad i dyr veit nok korleis dette kjennest, så det engasjerer. Alle ønsker at det skal gå bra, seier Fosse om engasjementet på Facebook.

Ho trur det er viktig å spreie informasjon slik at dei som eventuelt ser «Turbo» veit at ein hund er sakna.

Fosse held motet oppe.

– Eg er berre nøydd til å håpe. Dette er ein godt trent border collie, så eg håpar han har kome seg på land. Kjem han seg på land prøvar han nok å finne folk, fortel Fosse.

Hunden Turbo

SAKNA: Hunden Turbo er sakna etter båttur mellom Færøykavlen vest for Florø og Atløy.

Foto: Privat