NRK Meny
Normal

Krangel mellom etatane kan ha svekka tryggleiken i tunnelane

Elendig samarbeidsklima mellom Aurland brannvern og Statens vegvesen kan ha gitt farlegare tunnelar. Det meiner DSB.

Krangel kan ha gått ut over tunnelsikkerheit

DÅRLEG SAMARBEID: Helge Eidsnes (t.h), regionvegsjef i Statens vegvesen, vedgår at samarbeidet med Aurland brannvern og brannsjef Arvid Gilje kunne ha vore betre.

Foto: NRK / Montasje

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap kjem med skarp kritikk i sin rapport om brannen i Gudvangatunnelen.

DSB meiner krangelen er alvorleg, og regionvegsjef Helge Eidsnes vedgår at partane har hatt ein dårleg tone.

– Det er heilt klart at det har vore utfordringar. Det legg ingen skjul på, verken vegvesenet eller brannvesenet, seier Eidsnes.

Elendig tone mellom partane

Den markante brannsjefen i Aurland Arvid Gilje og Statens vegvesen har både før og etter brannen i Gudvangatunnelen vore i krangel med kvarandre.

5. august i fjor tok det til å brenne i den 11 kilometer lange tunnelen. Inne i landets nest lengste vegtunnel vart 66 personar røykskadde og måtte til sjukehus. I ettertid har det vore reist kritikk om tryggleiken i tunnelen.

I DSB sin rapport kjem det fram at samarbeidsklimaet har vore så dårleg at naudsynte planar og koordinering av branntryggleiken i tunnelane i Aurland ikkje har blitt noko av.

I rapporten står det følgjande:

DSB er kjent med at det har vore eit utfordrande samarbeid mellom Aurland brannvern og Statens vegvesen. Det verkar òg som at manglande evne til samarbeid mellom tunneleigar og lokal tilsynsmynde har bidrege til at utarbeiding av naudsynte planar og koordinering av desse har vore fråverande. Det er alvorleg når samarbeidsutfordringar resulterer i manglande koordinering av planverk.

NRK har tilgang på brev som viser at tonen til tider har vore elendig. Begge partar har etterlyst møte som ikkje blei noko av eller blei utsette. Også medieutspel frå begge partar har vekt forarging, og NRK veit at irritasjonen over Gilje til tider har vore stor hjå enkelte i Statens vegvesen.

På eitt tidspunkt bad Statens vegvesen om at all kommunikasjon med Gilje måtte skje skriftleg. Også Gilje har ved fleire høve kome med kraftig kritikk av etaten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gudvangatunnelen

UTBRENT: Lastebilen tok fyr 5. august i fjor tok inne i den 11 kilometer lange Gudvangatunnelen. 66 personar fekk røykskader og måtte til sjukehus.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Regionvegsjefen lovar betring

Regionvegsjef Helge Eidsnes er på ferie og har ikkje fått lest heile rapporten frå DSB, men vedgår at samarbeidsproblema har strekt seg langt tilbake i tid, utover det vil han ikkje gå inn i problema som har vore.

– Det viktigaste for oss no er å sørge for at vi har eit godt samarbeidet i dag og få dette til å fungere på ein best mogleg måte.

Men no skal alt ha blitt så mykje betre. Eidsnes seier det er blitt jobba godt med å forsterke samarbeidet.

– Både Statens vegvesen som tunneleigar og brannvesenet som tilsynshavar har heilt klart eit ansvar her. Vi skal få dette til å fungere, det er ikkje det tvil om. Vi opplever at vi har ein betydeleg tettare og betre dialog no enn tidlegare. Eit samarbeid har to partar, vi skal ta ansvar for vår del av dette, seier Eidsnes.

– Engasjementet har vore positivt

Noralv Distad

ENGASJEMENT: Aurlandordførar Noralv Distad trur samarbeidsproblema botnar i eit sterkt engasjement for sikkerheita i tunnelane.

Foto: pressefoto, Høgre

Brannsjef i Aurland Arvid Gilje er på ferie og har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Men ordførar i Aurland Noralv Distad seier han er kjent med problema som har vore. Han trur mykje botnar i Gilje sitt lange engasjement for branntryggleiken i tunnelar.

– Brannsjefen har vore veldig oppteken av sikkerheita i tunnelane. Han har vore ein krevjande samarbeidspartnar for Statens vegvesen og heile tida vore oppteken av å få på plass utstyr i tunnelane og så vidare. Men eg trur at veldig mykje av det engasjementet har vore av positiv karakter. Det går på at du skal ha best mogleg sikkerheit for trafikantane, seier Distad.

Han trur samarbeidsklimaet no er godt.

– Mitt inntrykk er at me har etablert eit veldig godt samarbeid.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy