Hopp til innhold

Tunnelhåp til statsbudsjettet

Forkjemparane for Stad Skipstunnel håpar at prosjektet skal bli nemnt i statsbudsjettet fredag.

Skisse over Stad skipstunnel.

Dei krev at tunnelen snarast skal leggjast ut på anbod slik at det kan setjast ein prislapp på prosjektet. Det seier dagleg leiar Jon Breivik i Stad Skipstunnel.

 

- Press på seg

- Dersom tunnelen kjem på anbod trur vi ein kan få fastslege den faktiske prisen, i tillegg vil ein då få eit press på seg til å få saka behandla, for vi skal hugse at enno har ikkje Stad Skipstunnel vore til Stortinget.

Ingen trur på pengar no

I 130 år har folk rundt kysten drøymt og i 30 år har dei kjempa for å få ein skipstunnel tvers gjennom Stadlandet, slik at båtar skal sleppe å krysse det verharde Stadhavet. Nær eitt hundre menneske har omkome på havområdet dei siste hundre åra. Men sjølv ikkje den største optimist trur på pengar til dette prosjektet

- Vi ventar at det står noko om Stad skipstunnel, men eg tur ikkje ein gong eg skal vere så optimistisk at eg trur det skal stå at det er løyvd pengar til han og fullfinansiert slik det er no.

Minst 800 mill kr.

For per idag er det uklart kva tunnelen vil koste, truleg er det minst 800 millionar kroner. Difor krev dei no at prosjektet skal ut på anbod, slik at politikarane kan vite kva dei egentleg diskuterer.

- Må ta ei avgjerd snart

For viss ikkje meiner Breivik at det snart er på tide å ein gong for alle at den 130 år gamle draumen blir knust.

- Snart må politikarane ta ei avgjerd, anten må dei gå inn for bygging, ellr så må dei la vere, seier dagleg leiar Jon Breivik i Stad Skipstunnel.