Alle køyretya er frakta ut av tunnelen, og Statens vegvesen har no teke til med oppryddingsarbeidet, men arbeidet kjem til å ta lenger tid enn først rekne med seier Paal Fosdal, fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen.
– Årsaka til at vi går ut med dette er at vi no har fått gjort ei nærare vurdering etter at tunnelen vart frigjeve, og vi har fått undersøkt heile tunnelen, og det viser seg at det er meir omfattande arbeid vi må gjere enn det vi først trudde.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Krevjande arbeid
Blant anna skal tunnelen spylast ned, og også dette arbeidet blir meir omfattande enn venta.
– Det er såpass mykje sot at vi må bruke ein del kjemikaliar, og då treng vi spesialutstyr som vi ikkje kjem i gang med det før måndag. Deretter må det sikrast og boltast, og så må ein få på sprøytebetong, og så er det elektroarbeid som kjem, seier Fosdal.
(Artikkelen held fram under biletet)
Han lovar at vegvesenet vil få arbeidet gjort så fort som mogleg, men seier at det samstundes skal vere god kvalitet på arbeidet.
– Det skal vere sikkert for dei som utfører arbeidet, og vi skal ha ein tunnel som det kan gå trafikk i som held sikkerheitskrava, seier regionvegsjefen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ingen ønska situasjon
Han har forståing for at dette vil medføre store konsekvensar for trafikantane, då E16 gjennom Gudvangen og Flåm er godt trafikkert.
– Det er ikkje ein ønska situasjon, då det er eit viktig vegsamband. Samstundes, når ein får ei så alvorleg ulukke blir det fort eit omfattande arbeid som må gjerast, og det tek den tida som trengst. Det er ein konsekvens av ulukka og det omfanget den hadde, seier Fosdal.
– Kva gjer dykk for å lette situasjonen for trafikantane?
– Vi køyrer vidare med dei omkøyringsrutene som vi tidlegare har hatt. I hovudsak er det Hardangervidda og Riksveg 13. Der sett vi også inn ekstra kapasitet på ferjesambanda for å hjelpe på situasjonen, men det kan nok bli noko kø.
- LES OGSÅ: