Hopp til innhold

Tunnelbrannar har kosta meir enn hundre millionar

Dei siste åra har fleire kraftige brannar herja i lange tunnelar på Vestlandet. Prisen på oppryddinga er mykje høgare enn på vanlege trafikkulukker.

tunnelbrann i fjærlandstunnelen

MYKJE ARBEID STÅR ATT: Vegen gjennom Fjærlandstunnelen vil ikkje opne opp att før tidlegast måndag neste veke. Fram til då skal Vegvesenet jobbe døgnet rundt med å setje vegen i stand.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er dyrt med tunnelbrannar. Det er tale om heilt andre kostnader enn når det brenn ute i det fri, seier avdelingsdirektør i Vegvesenet Svenn Egil Finden.

Når ein brann først får fyr inne i ein tunnel får han gjerne halde på ei stund før den vert sløkt. Det fører til stor varme. Vegbana går i oppløysing, alt av elektronikk i tunnelen bryt saman og sementen i taket rasar ned.

Berre på fire år har det vore fire store tunnelbrannar i Sogn og Fjordane. Oppryddingsarbeidet åleine har kosta fleire titals millionar etter desse brannane.

I tillegg fører stengingar og omvegar til store samfunnsmessige kostnader.

– Det får store konsekvensar, og difor får vi håpe at det no går ei stund til neste gong, seier Finden.

Laster innhold, vennligst vent..

Brann i fleire timar

Den siste store tunnelbrannen var natt til tysdag denne veka. Då brann ein stor feiebil med fleire hundre liter diesel og hydraulikkolje i fleire timar før brannvesenet klarte å stogge brannen.

– Det er endå for tidleg å seie nøyaktig kor mykje skadane frå denne brannen vil koste, men eit anslag er ein stad litt under 15 millionar kroner, seier Finden.

skader etter tunnelbrann i fjærlandstunnelen

UTBRENT: Inne i Fjærlandstunnelen er det no heilt utbrent. Sprøytesementen har losna rundt brannstaden, og ein ser rett opp på reint fjell. Asfaltunderlaget har også gått i oppløysing.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kunne fort ha kosta meir enn pengar

Brannen i Fjærlandstunnelen fanga 13 menneske inne i tunnelen natt til tysdag. Her er det tale om store materielle skader, men brannmannen som redda fleire menneske ut av røykhavet i tunnelen seier at brannen fort kunne ha kosta menneskeliv også.

– Denne gongen fungerte heldigvis ventilasjonssystemet slik det skal. Hadde vi fått problem med viftene, slik ein har hatt ved tidlegare brannar, trur eg ikkje folk hadde kome levande ut av tunnelen, seier Dvergsdal.

Svenn Egil Finden

TUNNELAR ER TRYGGE: Svenn Egil Finden i Vegvesenet presiserer at norske tunnelar er trygge, sjølv om det har vore fleire farlege tunnelbrannar dei siste åra.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Likevel er det slik at ingen har døydd i tunnelbrannar i Norge endå. Brannmannen som var med på dramatikken natt til tysdag trur det handlar om tilfeldigheiter.

– Vi har hatt veldig flaks. Det er ikkje mykje om å gjere før det går liv tapt, trur eg. Heldigvis har vi hatt flaks så langt.

Arve Dvergsdal

TOK EIN SJANSE: Varabrannsjef i Jølster Arve Dvergsdal seier han tok ein sjanse då han bestemte seg for å gå inn i Fjærlandstunnelen i lag med to andre røykdykkarar. Han hadde ei magekjensla som sa at det var folk att i tunnelen, og han hadde rett.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Vegen stengd i ei veke

Vegen gjennom Fjærlandstunnelen er hovudvegen mellom Sunnfjord og Sogn, og også hovudfartsåre mot Oslo frå Sunnfjord. Når vegen tidlegast opnar på måndag neste veke, tyder det at eit viktig samband for tungtransport og varelevering har vore stengd i nesten ei veke.

– Vi er klar over at det er alvorleg, og at det er kostnader knytt til denne stenginga. Det er difor vi jobbar døgnet rundt med å få opna tunnelen, og vi kjem til å jobbe døgnet rundt igjennom heile helga også, seier Finden.