Hopp til innhold

Tunnelarbeid tek sommarpause

Arbeidet i fleire tunnelar i fylket tek pause i sommar. Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

På fv. 55, Sognefjellsvegen gjennom Luster, vert det pause i arbeidet i Røneidtunnelen, Råumtunnelen og Ottatunnelen frå 4. juli til 6. august. Når arbeidet startar opp att vil det vere arbeid i desse tunnelane både på dag- og nattestid.

På fv. 55 i Høyanger vil det vere pause i arbeidet i Høyangertunnelen og Hovdetunnelen frå 9. til 30. juli. Dette gjeld også arbeidet i Eikelandstunnelen på fv. 614 i Bremanger.

I Aurland vil arbeidet i både Flenjatunnelen på E16 og Bakkatunnelen på fv. 241 ta pause frå 9. til 30. juli. Etter dette vil det igjen verte nattestengingar på E16. I tillegg vil arbeid med elektroinstallasjonane i Gudvangatunnelen på same veg starte opp, og det vil verte køyrd samanhengande kolonne mellom Gudvangen og Flåm.