Tunnel stengt i fleire timar

Naustdalstunnelen på riksveg fem mellom Florø og Førde vert stengt i fleire timar i dag.
På grunn av ei brannøving er tunnelen stengt mellom kl. 17.30 og kl. 20.30. Det vert kolonnekøyring mellom kl. 17 og 17.30.