Hopp til innhold

Ein person er skadd og frakta til sjukehus etter krasj i tunnelvegg

Høyangertunnelen er stengt etter at ein bil køyrde i tunnelveggen. Føraren er frakta til sjukehus.

Ulykke Høyangertunnelen

KRASJA I TUNNELVEGG: To kilometer inn i tunnelen frå Høyanger-sida har ein bil køyrt i fjellveggen.

Foto: Lars Jonas Pedersen

– Vi kan stadfeste at ein bil har køyrt i fjellveggen to kilometer inn i tunnelen på Høyanger-sida, opplyser Frode Eide ved Alarmsentralen.

Han stadfestar at det er ein bil og ein person involvert i ulykka på fylkesveg 55. Alle naudetatar er på staden, også luftambulanse er sendt til Høyanger.

Frakta til sjukehus

Føraren av bilen er frakta til sjukehus med luftambulanse, opplyser Eide klokka 22.05.

Både lege og ambulansepersonell jobba med personen på ulykkesstaden tidlegare på kvelden.

Politiet opplyser at personen er sendt til sjukehus med skadar, men at omfanget er ukjent.

Alarmsentralen fekk meldinga om hendinga klokka 20.34 frå AMK.

Plater har losna

Ulykke Høyangertunnelen

STENGT: Høyangertunnelen vart stengt då ein bil krasja i tunnelen.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Tunnelen er inntil vidare stengt.

– No driv dei med oppryddingsarbeid i tunnelen. Nokre plater skal ha blitt øydelagt i ulukka. Entreprenør frå vegtrafikksentralen er venta å vere framme 22.30. Bilen er heller ikkje komen ut av tunnelen enda. Så det er framleis stengt, men med moglegheit for at ein opnar for kolonne etter kvart, seier Eide klokka 22.15.

Det skal ikkje vere stor kø utanfor tunnelen.

Espen Gulliksen ved politiet sin operasjonssentral i Florø sa tidleg på kvelden at dei visste lite, men at personen som skal ha vore involvert i ulukka då er på veg ut av tunnelen med helsepersonell.

Tunnelen vart opna for trafikk igjen klokka 23.13.

Trafikkuhell Høyangertunnelen