Hopp til innhold

Tunnel kunne ha berga beina til Jan Roger

Dei nærmaste åra skal det brukast mange milliardar på å rassikre vegane til norske bygder. Men for Jan Roger Klakegg kom tunnelen for seint. Han mista begge beina og nesten livet då steinane trefte bilen.

Jan Roger Klakegg leiker med Sara (4), Thea (1,5) år. Mats på fem veker ligger i sofaen.

TREBORNSFAR: Jan Roger Klakegg leiker med borna Sara (4) og Thea (1,5) år. Minstemann, Mats på fem veker, er i sofaen saman med kona Ninnis Thorkildsen.

Foto: Privat

Ein regntung desemberdag i 2003 var 19-åringen veg til jobb langs Kjøsnesfjorden i Jølster. For 15 år sidan var det meste av strekninga usikra. Store steinar trefte bilen som delvis vart knust.

Bil treft av steinras i Kjøsnesfjorden i Jølster.

MIRAKEL: Slik såg bilen til Jan Roger Klakegg ut etter at den vart treft av steinar på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden.

Foto: Per Svein Reed / VG

Ulukka førte til at Klakegg måtte amputere begge beina.

– Det var ikkje mange steinar som trefte meg, men det var nok til at det gjekk veldig gale, sa han til NRK eitt år etter ulukka i samband med han kravde rassikring.

Dagen før hadde over 30 bilar og kring 70 personar vore innesperra i sju timar etter at over 20 ras sperra vegen samstundes.

– Alle må ha rett til å få køyre trygt

Jan Roger Klakegg

NYTT LIV: Ulukka endra livet til den tidlegare elektrikarlærlingen. I dag jobbar Jan Roger Klakegg som protesemakar i Bergen der han og familien bur.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Den sindige jølstringen er ikkje blant dei som hevar augebryna då NRK i dag fortel at staten har planar om å bruke 3,7 milliardar kroner på sikre vegane til ti småbygder.

– Uansett kvar ein køyrer er det viktig at ein kan køyre trygt. Dette handlar om å gi den enkelte ein trygg reise,- skule- og arbeidsveg.

– Det er jo mykje pengar, men det er veldig viktig for dei som bur i området om dei framleis skal kunne bu der, seier Klakegg.

I dag er staden der Klakegg vart treft av raset, og der ein busspassasjer miste livet i 1999 då steinar trefte bussen, sikra med tunnel. Men tunnelen til over 200 millionar kroner kom først seks år etter ulukka. I dag har regjeringa planar om å bruke 1,1 milliardar kroner på ei forlenging av tunnelen som vil sikre heile riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden.

– Brukar for lite pengar

Sjølv meiner han staten burde bruke endå meir pengar på å sikre dei vegfarande.

– Med så mange ras og steinsprang det er rundt omkring, så er det synd at det ikkje vert brukt meir pengar på rassikring. Det er til tider utrygt å ferdast på ein del vegar, men ein kan ikkje setje livet på vent kvar gong det er litt ruskete vêr, seier han.

MYKJE STENGD: Før tunnelen opna i 2009 stengde rasa ofte vegen langs Kjøsnesfjorden i Jølster og det skjedde fleire ulukker på strekninga.

– Bygdene vert avfolka

På andre sida av Kjøsnesfjorden bur Ragnvald Søgnesand og familien. Den kommunale vegen til garden deira vart sikra av ein 450 meter lang tunnel til 3,8 millionar kroner i 1995.

– Faren var så ekstrem at vi hadde aldri flytta inn hit viss tunnelen ikkje hadde kome, seier han.

– Folk er ikkje lenger interesserte i å bu på stader med rasfare. Ein del av desse minste bygdene vil verte avfolka om ein ikkje brukar pengar på sikring, meiner geitebonden.