Hopp til innhold

Tunnel fylte seg med røyk frå lastebil

Rv. 15 over Strynefjellet blei stengt etter røykutvikling frå ein lastebil i Oppljostunnelen.

Oppljostunnelen

STENGT: Fjellovergangen på rv. 15 over Strynefjellet var stengt på grunn av røykutvikling. Det viste seg å vere olje i eksosen.

Foto: Skjermdump

– Ingen blei skadde, skriv politiet på Twitter.

Det kom meldingar om at svart og tjukk røyk velta ut av den 4 kilometer lange tunnelen mellom Stryn og Skjåk kommunar. Naudetatar frå begge kommunar rykte ut til staden.

– Det er ein norsk førar av lastebilen. Han meinte at det truleg var olje i eksosen som skapte all røyken, seier Halleraker.

Oppljostunnelen blei stengt etter at Statens vegvesen fekk meldingar om røyk i tunnelen litt over kl. 20 onsdag kveld. Det danna seg kø på begge sider av tunnelen. Tunnelen er no open for trafikk.

Branntryggleiken i tunnelane på Strynefjellet har lenge uroa mange. Brannsjefen i Skjåk meiner tryggleiken på hovudvegen mellom nordvestlandet og Austlandet står til stryk.

Laster Twitter-innhold