NRK Meny
Normal

Tungt for Gildetilsette

Informasjonssjef i Gilde Vest, Grethe Skundberg, seier mange tilsette har hatt det tungt etter at det i går vart klart at E.coli-smitten stammar frå fabrikken i Sogndal.

 

Grethe Skundberg, informasjonssjef i Gilde.
Foto: NRK

Klokka 12 torsdag hadde dei tilsette i Terina i Sogndal eit nytt informasjonsmøte med leiinga.

Dei 95 tilsette går usikre dagar i møte. Fabrikken har vore stengt sidan måndag, og vil bli stemt på ubestemt tid fram til ein veit korleis bakteriane som har gjort 14 barn alvorleg sjuke kom i Sognemorren som blir produsert ved anlegget.

Ber ikkje om hjelp utanfrå

Gilde har halde informasjonsmøte og samlingar for dei tilsette i dotterselskapet Terina i Sogndal både i går kveld og i dag. Men Skundberg seier dei enno ikkje har henta inn hjelp utanfrå for å snakke med dei tilsette.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.