Hopp til innhold

Tungevaag & Raaban går kvar sin veg

EDM-duoen Tungevaag & Raaban skil lag. Bak dei ligg fire år med hits.

Tungevaag & Raaban har 118 millioner avspillinger på Spotify og er en hit flere steder i verden

GÅR KVAR SIN VEG: Tungevaag & Raaban har hatt stor suksess verda rundt.

Foto: Ian Maddox / Presse

– Tungevaag & Raaban-prosjektet skal no splittast opp. Vi har funne ut at vi har lyst å gjere forskjellige ting, så det blir lagt på is, seier Martin Tungevaag.

26-åringen frå Stadlandet i Sogn og Fjordane har jobba med svenske Robbin Söderlund i fire år.

Dei to braut gjennom i 2015, med låta «Samsara», som herja på hitlister i heile Europa.

Sidan kom fleire hits, som «Beast», «All for Love» og «Million Lights». Men alle gode ting må ta slutt.

No for tida reiser duoen rundt på sin foreløpig siste turné i Europa og resten av verda.

– Det mest fantastiske er kanskje Finland. Når eg speler der syng alle med full hals, uansett kva for ein låt, ler Tungevaag.

Musikken er det universelle språket

Etter nyttår står konsertar i Asia for tur.

– Kva er det kjekkaste når du er på ein slik Asia-turné?

– Det å sjå at folk i Kina og Japan syng med til songane eg har laga her i Noreg, at musikken er det universelle språket som knyter folk saman.

Det kan ofte sjå ut som fanskaren i asiatiske land er gigantisk. Men Tungevaag kan røpe at klubbane han spelar på gjer ein innsats for å skape glansbiletet.

– Dei skriv ut ansikta våre, og namna våre på plakatar som dei gir til alle som kjem på klubben. Så sjølv om det berre var to Tungevaag & Raaban-fans der ser det ut som det er 1.000, ler han.

Martin Tungevaag

NOMINERT TIL LUTTPRISEN: Martin Tungevaag er ein av dei nominerte til Luttprisen 2019. Tidlegare har han òg vore nominert til Spellemannsprisen i klassen «Årets hit».

Foto: Boese Entertainment

Trass suksessen har Tungevaag eit mål om å svare alle fans som sender melding. Han ynskjer å halde seg på jorda, og har ei klar oppfordring til aspirerande musikarar.

– Du trenger ikkje vere superhelt for gjere det eg gjer. Det er noko alle kan få til, så lenge dei står på og aldri gir opp.