Hopp til innhold

Tung snø skaper problem

Den tunge snøen som er komen dei siste dagane skapar nye problem for energiverka

Snøtunge tre

TUNG SNØ: Snøfallet i helga har gjort vondt verre for energiverka som driv feilretting etter ekstremvêret Tor.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Også under feilrettinga laurdag skapte det problem for oss, seier Asgeir Aase som er konserndirektør nett i Sogn og Fjordane energi.

På det meste var 10 000 abonnentar i Sogn og Fjordane utan straum under ekstremvêret fredag. No skapar tungt snøfall nye problem for energiverka.

Nye feil

Energiverka hadde langt på veg på plass straumen igjen etter utfalla på grunn av ekstremvêret. Men så kom det store mengder med tung snø.

– Berre snøen åleine er nok til å gi skadar. Vi hadde ein situasjon med mykje vind, og når ting er litt skadd i utgangspunktet så er snøen med å på bryte ned det siste. Men det er ikkje det store, men nokre mindre saker seier Aase.

Og snøen som no kjem gjer det vel og vanskelegare for dei som skal ut å reparere skadane?

– Vårt nett ligg ofte utilgjengeleg, høgt til fjells og ikkje så lett å synfare. I helga var det ikkje vêr til å bruke helikopter, så alt måtte gåast og det er kompliserande i forhold til feilretting, seier Aase.

Godt varsla uvêr

– Eg har vore uroa to gonger. Første gongen var under Dagmar, og også denne gongen var vi urolege, seier Aase

For dersom uvêret vart så ille som varsla så visste dei at det då kom til å bli så øydeleggande vinder at ting kom til skje.

– Så det var lett å sette full beredskap. Alle selskapa var godt budde og hadde på plass alt tilgjengeleg mannskap, seier Aase.

Mørket ei utfordring

På kvelden fredag var det mykje mannskap på plass. Men då var det orkan, og det var mørkt, eit møkre som varer i 16 timar.

– Er det mørke og orkan, så får du ikkje gjort mykje. Då må ein ta det ein kan når det er mørkt, og ha full mobilisering når dagslyset kjem.

På det meste var 10 000 abonnentar utan straum, men på laurdag kveld hadde alle så nær som 100 fått straumen attende.

– Vi er audmjuke overfor dei som er utan straum over tid, men i det store og heile er vi godt nøgde. Vi har eit kjempemannskap som har gjort ein svært god jobb under krevjande forhold, seier Aase.