Hopp til innhold

Domratsjeva tok nok eit gull - tung dag for dei norske jentene

Heller ikkje kvinnene hadde dagen då dei gjekk sin normaldistanse i OL i Sotsji i dag. Darja Domratsjeva frå Kviterussland utklassa alle. Ann Kristin Aafedt Flatland hamna heilt nede på 54. plass.

Ann Kristin Aafedt Flatland

SKUFFA: Ann Kristin Aafedt Flatland hadde ikkje dagen i OL-løypene i Sotsji under normaldistansen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ann Kristin Aafedt Flatland skaut 20 treff under jaktstarten, og mange hadde tru på at ho kunne gjenta suksessen i dag. Men slik skulle det ikkje gå.

Flatland sleit med farten i sporet, og med fire tilleggsminuttar, heldt det berre til ein 54.plass, 7 minutt og 40 sekund bak Domratsjeva.

Tora Berger sleit i sporet og var ikkje i nærleiken av å forsvare OL-gullet frå normaldistansen frå Vancouver. Med tre bom, hjelpte det ikkje at ho gira opp i slutten av løpet. Berger enda til slutt på ein 16. plass.

Tiril Eckhoff fekk totalt tre bom og hamna på 18. plass.

Elise Ringen, som fekk gå i dag fordi Synnøve Solemdal er sjuk, imponerte med god skyting fram til siste skyting der ho fekk to tilleggsminuttar. Ho var likevel den av dei norske som hadde færrast bom. Ringen enda til slutt på ein 24. plass, 4,34 bak vinnaren.

Resultatet blei betre enn ho trudde

– Det var ikkje heilt det eg hadde ønska. Men det fungerte ikkje i dag. Det gjekk greitt i starten, men eg dreg på meg for mange bom i starten. Då blir eg litt defensiv, seier Berger.

Sjølv om plasseringa ikkje vart av dei beste, trudde Berger det skulle bli endå verre.

– Eg veit ikkje kva det er. Resultatet er betre enn kjensla i dag. Men eg veit ikkje kva som er grunnen. Eg får prøve å komme sterkare att til fellesstarten, seier Berger.

Sjølv om dagen i dag ikkje var god, let ho ikkje det leggje ein dempar på løpa som ligg framfor.

– Det er mykje som kan endre seg fram til då. Eg prøver å leggje det vekk, og ha fokus på det som skjer. Det var jo veldig bra for tre dagar sidan, så det er fullt mogleg, seier Berger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elise Ringen

STOD FRAM: OL-debutant Elise Ringen synte styrke på dei tre første skytingane og skaut færrast bom av dei norske skiskyttarane under normaldistansen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Må skyte fullt for å vere med

– Det var eit greitt løp, men det var ikkje nok i dette selskapet. Ein må skyte fullt for å vere med i toppen, seier Eckhoff.

Ho tykte sjølv at ho gjekk greitt, men skytinga heldt ikkje mål.

– Eg gjorde så godt eg kunne, men det vart ikkje betre i dag, seier Eckhoff.

Men ho er ikkje heilt på felgen, sjølv om resultata ikkje vart som ho kunne ønskt.

– Det er ikkje mitt beste løp, men ikkje mitt verste heller. Eg er framleis ung og har forhåpentlegvis fleire meisterskap framfor meg. Men det er for dårleg, sånn er det berre, seier Eckhoff.