Hopp til innhold

Noregs største tunnelbrann: Krev millionar etter at hengar med bensin losna og tok fyr

Hengaren losna, smalt i fjellveggen og tok fyr. Feil reparasjon av draget på hengaren fekk skulda. No krev Gjensidige bilverkstaden sitt forsikringsselskap for 10 millionar.

Skatestraumtunnelen blir stengd i eit halvt år

STOR SKADE: Brannen gjorde skade på kring 900 meter av 1,9 kilometer lange Skatestraumtunnelen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det skriv Teknisk Ukeblad. Gjensidige forsikra trekkvogna som i 2015 mista ein tilhengar med 16.500 liter bensin i Skatestraumtunnelen .

Hengarfeste til vogntoget i Skatestraumtunnelen

BROTNA: Då verkstaden reparerte draget med å sveise jarnplate over rusthola, fekk rusten utvikle seg i det skjulte til draget brotna i 2015.

Foto: NRK-TIPSAR

Statens Havarikommisjon har konkludert med at draget på tilhengaren brotna på grunn av innvendig rust. Undersøkinga avdekka at det under ein ADR-kontroll fire år tidlegare, vart funne rusthol på draget.

Ifølgje havarikommisjonen reparerte verkstaden skadane i strid med det som var fastsett av produsenten då dei sveisa jarnplater over skadane.

– Reparasjonen medverka ikkje til auka styrke i konstruksjonen, men heller til auka risiko for korrosjonsutmatting, skreiv Havarikommisjonen i rapporten .

På bakgrunn av dette meiner Gjensidige at verkstaden er skuld i ulukka, sjølv om tilhengaren var gjennom kontrollar utan at skaden vart avdekka.

– Dette skuldast mellom anna at den valde metoden medverka til å komplisere kontroll, skriv advokat Jardar Aas.

Avviser kravet

Forsikringsselskapet til verkstaden, som no har skifta namn frå Vardar til Insr Insurance Group, hevdar på si side at produksjon av delar til køyretøy ikkje var omfatta av forsikringsavtalen og at tilsette ved verkstaden ikkje har handla aktlaust.

Advokat Petter Woxen peikar derimot på Statens vegvesen, som kunne kontrollert reparasjonen. Hovudårsaka til at skaden skjedde, meiner han ligg i manglande kontrollar frå vegvesenet.

– Det blir hevda at Statens vegvesen som den direkte skadelidde har medverka til skaden ved manglande kontrollar av tanktilhengaren, skriv advokat Petter Woxen.

La om rutinar

Etter ulukka har verkstaden lagt om rutinane. Skadar på tilhengjardrag blir ikkje lenger reparerte, men bytt ut med nye delar. Dei har også spesielt fokus på dette i samband med periodisk køyrekontroll.

Vegdirektoratet bad fleire instansar om å følgje opp reparasjon og skadar på tilhengjardrag.

Brannen i den undersjøiske tunnelen blir skildra som den største tunnelbrannen i Noreg .

Til alt hell gjekk ingen liv tapt, men Gjensidige opplyser i sluttinnlegget at det totale skadekravet kom på 60 millionar kroner.

Havarikommisjonen retta brei kritikk i rapporten etter brannen.

– Det har vore mangelfulle rutinar og system- og kunnskapssvikt både hos bilverkstaden som reparerte tankbiltilhengaren, hos kontrollorgan som gjennomførte dei periodiske kontrollane og Statens vegvesen som føretok ADR-kontrollane i perioden 2011 – 2015, skreiv dei.

Saka skal opp i Oslo tingrett i neste veke.