Hopp til innhold

Trygt nede frå fjellet.

Dei to kvinnene som hadde gått seg skårfast på Ryssdalshornet i Gloppen er henta ned. – Sea King var inne og plukka dei ned og tok med til Sandane. Det var udramatisk, men det hadde vore vanskeleg for alle andre enn Sea King-helikopteret å hente dei ned att. Dei kom seg korkje opp eller ned. Dei to er ikkje skadde, men var våte og kalde, seier Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen til NRK.no.