Hopp til innhold

Trygt å køyre på E39

Politiet seier at det no er trygt å køyre på E39 gjennom Sunnfjord. Etter tre trafikkuhell i går kveld vart vegen heilt stengd. Etter at vegen opna gjekk politiet ut og sa at vegen var veldig glatt. I natt har vegen vorte strødd, og no seier operasjonsleiar i politiet Olaug Holme at dei ikkje har fått fleire meldingar om glatt veg.