Hopp til innhold

Actionfyllt og lærerikt på russetreff

I går fekk russen oppleve korleis ein kan redde liv dersom ein kjem ut for ei ulukke. På det årlege russetreffet på Breim var det nemleg ei redningsøving.

Tryggleiksdemonstrasjon på russetreff på Breim

Tryggleiksdemonstrasjon for russen. Foto/redigering: Runar Sandnes.

– Ein innser kor alvorleg det er når ein kjem i ein slik situasjon, seier ein av russejentene på russetreffet.

Det årlege fylkestreffet for Sogn og Fjordane har vi køyrt sju år på rad her det meste av russ i fylket er samla.

– Noko av det faste vi har på programmet er ei redningsøving. Der er det ein havarert bil med passasjerar inni som sit skada. Så er det arrangert slik at ein russebil er den første på ulukkestaden. Då vert det demonstrert kva som skal gjerast i ein slik situasjon, fortel Per Svein Reed som er med å arrangere russtreffet.

Russetreff Breim 2013

LÆRING PÅ FEST: Russen følgjer med på øvinga.

Foto: Runar Sandnes / NRK

– Veldig actionfyllt

Russen får demonstrert korleis dei skal sikre området, varsle politi, brannvesen og ambulanse. Dei får sett korleis ein gjer førstehjelp alt etter som kva grad dei kjem seg inn i bilen.

Så kjem etterkvart alle nødetatar på plassen med dei hjelpemiddela det må til for å bryte opp bilen.Området vert skumlagt og dei får ut passasjerane i bilen som helsepersonell tek seg av.

– Denne øvinga har vore fast kvart år på russetreffet. Det er veldig actionfyllt, fortel Reed.

Når passasjerane er ute eksploderer plutseleg bilen i eit lite inferno. Då står tusen russ oppi skråningen for å følgje med på dette. Reed fortel at dei får enormt god tilbakemelding frå dei.

– Dei seier kvart år at dette er noko av det mest lærerrike dei har vore borte i, seier han.

God læring

– Dette er trass alt ungdom som nettopp har teke førarkort og er veldig mykje ute på vegen spesielt i russetida med russebilane sine. Vi trur denne øvinga er god læring for russen, seier Reed.

– Det er veldig spennande å vere med på noko sånt. Vi lærer at det kan vere skummelt å køyre bil. Det var veldig lærerikt, seier ein av russejentene på treffet.

Dei som er med av politi, brannvesen og ambulansepersonell under denne øvinga seier øvinga er svært realistisk.

– Dette var veldig interessant. No fekk eg sjå koreis politi og brannvesen reagerer på ein ulukkestad, seier ei anna jente.

Russen får ofte skulda

– Utgangspunktet for at det heile starta var at russen ofte får skulda for ting som dei ikkje har gjort, fortel Reed.

Han meiner mange arrangement som russen har trekkjer også mykje anna folk.

– Det er gjerne dei som lagar bråk og gjer hærverk. Det er synd når russen må rydde opp for nokon, når det er andre som lagar tull, meiner Reed.

Då sa han for sju år sidan at han var sikker på at dersom dei laga eit lukka arrangement kun for russen, så vert det ikkje noko bråk i det heile.

– Og det har i aller høgste grad vore tilfelle. Vi har hatt sju år med arrangement utan noko som helst problem, fortel han.

– Fantastisk fin ungdom som slår ut håret og kosar seg og har det kjekt, utan at det vert noko tull med dei.

Politiet som også var til stades stadfestar at ungdomen oppførte seg fint på russetreff.