Ny kontrakt til 860 millionar skal sikre tryggare veg mellom aust og vest

I dag skriv vegdirektør Terje Gustavsen under ei kontrakt for utbetringa av E16 Filefjell. Dette skal bidra til å skape ein tryggare veg mellom aust og vest.

Fjellovergang Filefjell

TRYGGARE VEG MELLOM AUST OG VEST: Det nye vegprosjektet Varpe Bru-Smedalsosen på E16 Filefjell skal bidra til ein tryggare veg.

Foto: Rune Fossum / NRK

–Når det er dårlege vêrforhold så blir alt stengd mellom aust og vest. Målsetjinga er jo at ein skal ha ein meir framkommeleg fjellovergang.

Det seier Odd Eirik Haugen, prosjektleiar for E16 Filefjell. Han seier eitt av hovudargumenta for arbeidet med Varpe Bru-Smedalsosen var at vegen skulle bli tryggare på vinteren.

–Dette har og vore viktig for Stortinget. I ekstreme tilfelle må ein sjølvsagt stenge, men no vil det stort sett kunne vere ope elles, seier Haugen.

Filefjell

MYKJE STENGT: E16 Filefjell har vore mykje stengt på grunn av dårleg vær.

Foto: Stian Sætrebakke / MMS-foto

Gledeleg signering

Haugen seier dei er godt nøgde med dagens signering.

–Dette er ein viktig milepæl for oss. Vi har hatt dette som mål i meir enn to år, så at vi no har kome dit er svært gledeleg.

Det er entreprenøren Hæhre Entreprenør AS som skal stå bak bygginga av den nye vegen. Kontrakten har ein verdi på 857,5 millionar kronar., og totalprisen for utbygginga på Filefjell vil bli på nærmare tre milliardar kroner.

–Hæhre blei vald fordi dei hadde det beste tilbodet. I tillegg har dei erfaring frå liknande prosjekt på denne storleiken, seier Haugen.

(Artikkelen held fram under biletet)

E16 Varpe bru–Smedalsosen

VARPE BRU-SMEDALSOSEN PÅ E16 FILEFJELL: Kartet viser ei oversikt over den nye vegplanen.

Foto: Statens Vegvesen

20 km veg skal binde saman aust og vest

Totalt skal det byggast 20 kilometer veg, der seks av kilometerane skal byggjast som tunnel over høgfjellet frå Valdres til Lærdal.

Prosjektet har blitt prioritert E16 Filefjell med ein eigen post på Statsbudsjettet som sikrar finansiering til prosjektet.

–Med den nye vegen vil det bli ein heilt annan køyreoppleving for trafikantane. Framkomsten vil bli betre og det vil mindre stengt på vinteren, seier prosjektleiaren.

Haugen håpar på snarleg oppstart, og seiar dei tek sikre på at prosjektet blir ferdigstilt hausten 2017.

–Det er målsetjinga. No er det Hæhre som skal planlegge vidare framdrift og korleis dei vil prioritere, men ut frå dei signala eg har fått vil det skje ting alt i slutten av mai.

Tidvis redusert framkomst

Sperring over Filefjell.

MÅ FØREBU SEG PÅ VEGARBEID: Bilistane må førebu seg på vegarbeid på E16 Filefjell.

Foto: Statens vegvesen

Haugen seier at prosjektet vil bli utfordrande for bilistane, men at det ikkje vil vere like mykje venting som det har vore på tidlegare tidspunkt. Og ikkje minst vil sluttresultatet vere verdt det.

–I periodar vil det vere krevjande for trafikantane å kome seg fram. Men ein vil ikkje måtte rekne med like lange stengingar som det har vore tidlegare på Filefjell. Det er enklare terreng no, noko som fører til kortare stengingar.