Widerøe investerer meir enn 30 millionar kroner i det nye navigasjonsutstyret og har bestilt det til 17 fly. I tillegg reknar Avinor med å bruke 150 millionar kroner på flyplassane.
Milepæl
Flygesjef i Widerø, Bjørn Sælensminde, karakteriserer det som ein milepæl, og seier det er det viktigaste enkelttiltak som er gjort for trygge flyreisande.
Kommunikasjonsdirektør Ove Narvesen i Avinor seier dei skal installere det på 6-8 flyplassar i året frå 2005. Det er uvisst kvar systemet kjem først, og han kan ikkje garantere at alle flyplassane får det.
Nye krav
I tillegg til dette systemet så vil det kome tryggleikskrav frå Luftfartsverket som er i tråd med europeisk krav. Dei vil medføre utvidingar og nyarbeid på mange kortbaneplassar. Det nye satellittbaserte navigasjonssystemet vil ikkje føre til at ein slepp å gjennomføre desse krava.