Hopp til innhold

Trygg Trafikk fryktar juleulukkene

Medan berre ein person miste livet i trafikken i Sogn og Fjordane i fjor, har fem personar mista livet på vegane så langt i år. Trygg Trafikk fryktar det blir fleire.

Audun Heggestad

FORSIKTIG: Audun Heggestad oppmodar folk til å køyre forsiktig når dei skal heim til jul.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Jula er ein periode der vi køyrer mykje, og folk må vere yttarst forsiktige. Det er store sjansar for at det kan skje ulukker, noko vi har sett tidlegare, seier fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

På landsbasis har talet trafikkdrepne gått ned. Ved utgangen av november viste tala frå Statistisk sentralbyrå at 113 personar hadde mist livet på landsbasis, mot 142 personar i same periode i fjor.

– Store katastrofar for dei det gjeld

I Sogn og Fjordane har tala i år gått den andre vegen. Medan ein person miste livet i trafikken i 2014, er det så langt i år fem menneske som har omkome.

– Talet for i fjor var veldig lågt. Gjennom åra har vi vore oppe i langt høgare tal, til dømes vart 18 personar drepne i trafikken i 1982, seier Heggestad.

I 2002 var ein til dømes nede i to drepne, medan 2013 vart det verste ulukkesåret i Sogn og Fjordane sidan 2004. I 2013 miste 12 personar livet, tre av dei i ei tragisk ulukke i romjula.

– Tala svingar, men er veldig små i vårt fylke. Samtidig er dette store katastrofar for dei det gjeld, seier Heggestad.

– Helst skulle vi sett at ingen miste livet.

– Må vere 100 prosent merksame

Politiet har saman med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL eit spesielt fokus på ruskøyring denne veka.

– Dette er veldig viktig. Alle som skal køyre bil må vere 100 prosent merksame på bilkøyringa. Rus er med å gjere trafikkbiletet farlegare, seier Heggestad.

– Ta det med ro

Med jula like rundt hjørnet vil mange av oss setje oss i bilen for å ta turen anten heim eller på besøk til familie og vener. Det kan bli mange timar i bil, ofte med vêr- og føreforhold som kan by på ekstra utfordringar.

– Vi går inn i ei mørkare tid, der det generelt er vanskelegare køyreforhold enn elles i året. Folk er veldig forsiktige i jula, men ein kan kome opp i større utfordringar enn ein greier handtere, seier Heggestad.

Med mange som skal fram samtidig, oppmodar han også førarane til å droppe forbikøyringar.

– Ein oppnår veldig lite med å køyre forbi. Ta det heller med ro, ligg i køen og ta pausar.