Hopp til innhold

Godt nøgd med møte med ministeren

Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim er godt nøgd med møtet med kommunalministeren i dag. Han kjenner seg trygg på at regjeringa vil følgje opp lovnadane om hjelp.

Jan Geir Solheim

TRYGG PÅ STØTTE: Lærdal-ordføraren er trygg på at kommunen vil få den støtta dei treng frå staten etter storbrannen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Ministeren var heilt klart på at når små lokalsamfunn blir råka på denne måten, så stiller staten opp. Så eg er ikkje redd for at vi ikkje skal få den hjelpa vi treng, seier Solheim til NRK.no fredag ettermiddag.

Saman med rådmannen reiste ordføraren i dag til hovudstaden der dei møtte kommunalminister Jan Tore Sanner.

Fekk ingen konkrete lovnader – enno

Etter storbrannen i Lærdal for snart tre veker sidan treng kommunen hjelp for å komme seg på beina att. 40 bygg gjekk tapt i brannen, av dei 17 bustadhus, og mange familiar står att utan noko.

På møtet fortalde ordføraren korleis kommunen vil jobbe med gjenreising av husa som gjekk tapt, og korleis dei skal jobbe for raskt å få på plass vegar, vassforsyning og kommunikasjon.

– Vi har levert frå oss ei liste over korleis vi ser for oss at staten kan hjelpe, og har kome med nokre konkrete spørsmål. Desse lova ministeren å sjå på så snart som mogleg, og han ville kome med klare svar tilbake, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Lærdal

STORBRANN: Brannen som herja i Lærdal for snart tre veker sidan er rekna som ein av dei største sidan krigen.

Foto: Jan Erikstad

Håpar på avklaring innan kort tid

Han og rådmannen kunne ikkje reise heim att til Lærdal med ein pengar i lomma, men Solheim seier dette heller ikkje var målet.

– Ministeren verka vere godt oppdatert og orientert om den situasjonen Lærdal kommune er i, og vi håpar vi no kan få ei endeleg avklaring på kva hjelp vi får innan svært kort tid, seier Solheim.

Kommunen har mellom anna gitt uttrykk for at dei treng meir ressursar på planleggingssida, og at kommunen må få styrka seg innan helse og psykiatri.