– Det kunne vore vi som var i området i dag. Heldigvis var dottera vår på skulen som er amerikansk. Der er det svært strenge tryggingstiltak, så ho var trygg der, seier Wenche Eikum.
Ho og familien med ektemann og ei 8 år gamal dotter bur i Indonesia i Jakarta. Hovudstaden har vore herja av eksplosjonar i natt og minst sju menneske er drepne. Den indonesiske ministeren karakteriserer dei mange eksplosjonane for eit terroråtak, og jaktar fleire gjerningsmenn.
Fekk ein støkk
– I dag var vi ikkje der, men eksplosjonane skjedde i eit område der vi ferdast, og eg har vore fleire gongar i senteret som er rett ved der det har vore eksplosjonar.
Ektemannen, Ole er heime i Norge for tida. Så for Wenche Eikum, som opphavleg er frå Volda, vart starten på dagen dramatisk då meldingane om eksplosjonane tikka inn.
– Det er klart at når meldingane om eksplosjonar og døde kom, så sette det ein støkk i oss. For sjølv om vi bur i ein millionby så kjenner vi oss veldig trygge her. Så vi fekk nok litt sjokk, seier ho.
Eikum har i løpet av dagen blitt kontakta av ambassaden som ringde rundt til alle som dei har kjennskap til bur i byen.
Har råka plassar med mykje folk
– Meldingane som kom i starten var veldig sprikande, og det er det framleis. Eg les litt på ulike sosiale medium og i avisene her, og det spriker framleis. Men det verkar som om det var nokre sjølvmordsbombarar og nokre bomber som var utplasserte. Så var det skyting litt på vilkår ute i gatene på forbipasserande.
Plassane som har blitt spesielt råka er blant anna ein Starbucks-kafé og andre restaurantar som samlar mykje folk.
– Det er mange typisk amerikanske kjedar i dette området der eksplosjonane har vore. Det er jo veldig mange som brukar å ete lunsjen sin på desse stadane.
Strenge tryggingstiltak i byen
Familien har vore busett i Jakarta i fire år. Men slike åtak som ho har opplevd i dag har ho ikkje sett tidlegare.
– Det var eitt åtak på Mariott hotell for nokre år sidan, og der er det framleis svært strenge kontrollar for å komme inn. Det er det eigentleg over alt, vi blir screna uansett om vi skal på eit kjøpesenter.
Familien skal uansett flytte heim att til Sogn i slutten av juni. Det gjer ekstra godt etter dagens hending.
– Det er nok langt tryggare i Gaupne, men vi kjenner oss trygge her og, smiler Eikum.