NRK Meny
Normal

Styremedlem utsett for truslar

Clara Øberg vurderer å melde trugande og sjikanerande brev til politiet.

Harry Mowatt og Clara Øberg

Både Harry Mowatt og Clara Øberg har fått trugande og sjikanerande brev etter framlegget om å leggje ned lokalsjukehusa i Eid og Lærdal, og å erstatte desse med lokalmedisinske senter.

Foto: Fotomontasje / NRK

Både styreleiaren og styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde, har den siste tida motteke både trugande og sjikanerande brev. Øberg vurderer om ho skal gå til politiet.

- Det er ei vurdering som blir gjort fortløpande, seier ho.

Etter framlegg

Breva har kome i postkassen etter framlegget om å legge ned lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal , og å erstatte desse med lokalmedisinske senter. Det har falle mange tungt for brystet. Styreleiar Øberg, som har fått flest brev, vil ikkje gå i detalj om kva som står i breva.

- Det har vore ulike innhald, frå truslar til andre ting, seier ho.

- Det er trist

Begge har fått brev der avsendar vonar at Mowatt og Øberg blir alvorleg sjuke og sjølv får oppleve korleis det er å miste ein akuttberedskap.

- Det stemmer at eg har fått slik type brev. Eg tykkjer det er trist at folk vel å avspore slik og vel slik type aksjonar, meiner Øberg.

- Person, ikkje sak

Heller ikkje Mowatt har sansen for aksjonar der ein går på personar, og ikkje diskuterer sak. Han vedgår at truslane auka i omfang etter at framlegget, der mellom anna både Sogn og Nordfjord blir ståande att utan akuttberedskap og fødetilbod .

- I enkelte delar av fylket har du ei stemning der både lokalpolitikarar, lokalt medisinsk personell, sjukehustilsette og ikkje minst lokale media på ein måte girar kvarandre opp slik at det blir veldig lite rom for nyansar i debatten. Då kan det utløyse denne type reaksjonar, seier han.

Administrerande direktør, Jon Bolstad i Helse Førde, vil ikkje svare på spørsmål om han er utsett for truslar eller sjikane.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser