NRK Meny

Truslar mot Ingunn Solheim

Frp-politikar Mazyar Keshvari skal ha sagt han ville skyte NRK-profilen Ingunn Solheim, skriv Dagbladet. Trugsmålet skal ha blitt framsett i etterkant av ein TV-debatt som Solheim leia og der Keshvari deltok. Keshvari avviser overfor avisa at han truga, men har beklaga «slengkommentarar.» Solheim sjølv vil ikkje kommentere saka, men magasin- og debattredaktør i NRK Kyrre Nakkim stadfestar hendinga til Dagbladet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå