Hopp til innhold

Trur vindmøller skremmer turistane

Nettverk mot vindmøller i Gulen fryktar for turismen dersom kommunen seier ja til utbygging av vindkraftverk.

Byrknesøy

HER KJEMPAR DEI MOT STRAUMEN: Fastbuande og hytteeigarar i Gulen (bilete frå Byrknesøy) fryktar at vindkraftutbygging vil koste turistnæringa dyrt.

Foto: Merete Høidal / NRK

– Det er klart at det ikkje er noko kjekt å sitje i stova på hytta og sjå rett inn i ei roterande vindmølle, seier Leiv Henriksbø i Nettverk mot vindmøller i Gulen.

Nettverket er ei gruppe av fastbuande og hytteeigarar som fryktar for hytteturismen dersom kommunen bestemmer seg for å satse på vindkraft. Temaet er i vinden i heile fylket, og i Gulen sin nabokommune Solund har forkjemparane og motstandarane kjempa ein hard kamp.

Hyttefolket fortvilar

Leiv Henriksbø

MEINER VINDKRAFT ER EIN BLØFF: Leiv Henriksbø trur vindmøllene trugar miljøet.

Foto: Privat

I Gulen er fire vindmølleparkar føreslått bygde ut i Sandøy, Dalsbotn, Setenesfjellet og Brosviksåta. Henriksbø meiner desse vil rasere kystlandskapet.

Gulen har fleire hytter enn hus for fastbuande, og Henriksbø trur vindmølleparkane kan øydeleggje for ei viktig næring i kommunen.

– Hyttefolket her fortvilar over det som kan bli øydelagd utsikt viss vindmøllene kjem. Og kven vil vel byggje hytte i eit slikt landskap? spør Henriksbø.

Ville aldri feriert i vindmøllelandskap

Også vanleg turisme er truga, trur Henriksbø. Han viser til undersøkingar gjort av Vestlandsforsking, som viser at turistar ikkje vil kome tilbake til område med vindmøller.

Rorbuene i Gulen er populære blant tyske turistar om sommaren. Henriksbø skjønar det godt om dei tek ferien andre stader viss det blir vindparkutbygging.

Artikkelen held fram under biletet.

Vindmøllene stod stille i vinden

SLIK VIL DEI IKKJE HA DET: I Gulen fryktar dei at møllene går ut over turismen.

Foto: Bjarne Eldevik/NRK

– Eg ville no aldri ha kome hit sjølv. Har du sett éi vindmølle har du sett alle, og dei er uansett ikkje noko å sjå på, seier Henriksbø.

Meiner miljøargumentet er ein bløff

Men han ottast ikkje berre for dei visuelle kostnadene. Henriksbø meiner framstillinga av vindmøller som miljøvennlege er ein regelrett bløff.

– Det er ein bløff fordi du ikkje sparer CO2-utslepp, tvert imot gir vindparkbygging auka utslepp. Dessutan står møllene stille om vinteren, og då må vi importere kôlkraft, gasskraft og kjernekraft frå utlandet for å dekke straumbehovet, seier Henriksbø.

Liknar straumeksport med u-hjelp

Brosviksendaren

KAN TOLE EI TV-MAST: Men i Gulen vil dei ikkje ha fire vindkraftverk.

Foto: Merete Høidal / NRK

Vindparkane har planar om å eksportere vindkraft til Mellom-Europa. Han meiner Sogn og Fjordane sitt mål om å bli størst på vindkraft i landet er eit svik mot skattebetalarane.

– At norske straumkundar skal finansiere krafteksport til andre land medan dei sjølve må betale høge straumprisar, heng ikkje på greip, seier Henriksbø.

Han samanliknar vindkrafteksporten med utviklingshjelp.

– Kvifor skal vi som har dei kaldaste vintrane i Europa subisdiere billeg straum andre stader? Det kjem då ikkje noko u-hjelp frå dei til oss, seier han.

– Største øydelegging sidan istida

Nettverk mot vindmøller i Gulen meiner eit ja til vindparkutbygging kan medføre den største naturøydelegginga sidan siste istid. Henriksbø fortel at dei ikkje vil sitje stille og sjå på dersom kommunen vedtek utbygging.

– Vindkraft på land er vi heilt imot. Kanskje kan vi tole éin vindpark, men heile fire utbyggingar kan vi rett og slett ikkje leve med, fortel Henriksbø.

Vil klage på vindmølle-ja

Viss vindmølleparkane får gjennomslag i Gulen, vil nettverket ikkje sitje stille og sjå på.

– Då kjem vi til å klage saka inn for Olje- og energidepartementet. Men eg håpar og trur dette ikkje blir naudsynt, seier han.