Hopp til innhold

Bygda blei knust av flaum – no får dei ny veg til 50 millionar

UTVIK (NRK): Flaumen i juli knuste vegen til Utvik midt i turistsesongen. No blir det jobba på spreng for å opne vegen til bygda igjen.

Sikarar elva og byggjer opp att vegen

OPNAR SNART: Flaumen gjorde stor skade, no er snart vegen ferdig.

Anleggsleiar Vegar Bø i Statens vegvesen

LEIAR ARBEIDET: Vegar Bø er anleggsleiar i Statens vegvesen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Ja, vi jobbar i alle fall hardt for å få det til. Vi tapte nokre dagar då vi skulle få plass ei røyrgate til kraftverket her. Vi trefte på fjell i djupna og måtte sprenge, seier anleggsleiar Vegard Bø i Statens vegvesen.

Vegen gjennom Utvik i Stryn blei øydelagt av skadeflaumen i slutten av juli. Det blei store materielle skader og fleire bygningar blei skylte på fjorden. Etter den tid har oppattbygging av både vegar, bruer, hus og hagar pågått for fullt.

Hovudvegen har vore stengt sidan 24. juli. Om lag to veker etter, blei det opna for kolonnekøyring på ein privat veg. No er målet at fylkesvegen skal opne 20. september, sjølv om øydeleggingane flaumen framleis er tydelege i den vesle bygda.

Øvste brua i Utvik

ØVSTE BRUA: Til høgre i bilete borar dei vekk fjell.

Foto: Silje Guddal / NRK

Skal fjerne mykje stein

Sjølv om det framleis er mange anleggsmaskinar i full sving, er aktiviteten trappa ned i det siste.

– Vi har trappa ned fordi vi har fått unna det mest kritiske og den store masseflyttinga. No er vi på ei vanleg arbeidsveke og har nettopp gitt oss med døgnskift. Tidlegare har vi hatt 20 mann berre på betongdelen, og vi hadde sju gravemaskinar og 8–10 lastebilar på det meste, seier han.

– De har jo mura inne Storeelva med to meter høge betongmurar på begge sider. Blir det trygt nok her no?

– Ja, det vil eg tru. I tillegg til desse betongmurane som er sette opp langs elva, skal vi over helga sprenge ned i elveløpet og ta ut 2500 faste kubikkmeter mellom bruene for å betre endå meir.

Kevin Jung Park, Joakim Aspen og Pål Danielson

LEDEBIL: Kevin Jung Park, Joakim Aspen og Pål Danielson fører bilistar trygt gjennom området.

Foto: Silje Guddal / NRK

Usikker på sluttsummen

Trafikken i området går framleis med ledebil gjennom fleire gardstun. I løpet av ein liten time har 40 små og store bilar blitt leia trygt gjennom i 20 km/t av sjåfør Pål Danielson.

Men når det skal sprengast, blir det full stopp på vegen. Dei fleste bilistar er likevel tolmodige.

– Men det er jo nokre som er stressa og har dårleg tid, seier han.

Den nye vegen vil truleg koste minst 50 millionar kroner, og ei veke før planlagt opning er det framleis uvisst kva prislappen blir.

– Det kan bli meir enn det, og det er vanskeleg å seie nøyaktig tal no. Vegen blir til etter kvart frå dag til dag, anleggsleiar Vegard Bø i Statens vegvesen.

Storeelva i Utvik

SIKRAR: Det er bygde murar langs Storeelva, og det er gjort endringar i elveleiar for å unngå ein krapp sving som vart katastrofalt under flaumen i juli.

Foto: Silje Guddal / NRK